IVF-behandling
Vi har moglegheit til å tilby inntil tre (3) IVF-forsøk med tilbakesetting av embryo (befrukta egg) med dekning frå det offentlege.
Folketrygda dekker medisinutgifter ut over kroner 15 000 for desse tre (3) forsøka.
Eigendel
- Første konsultasjon (per person samtaledagen): 307 kroner
- IVF/ICSI: 1500 kroner
Prøverørsbehandling med tilbakeføring av befrukta egg, inkludert eventuelt frysing av befrukta egg
- IVFD: 4075 kroner
Prøverøyrsbehandling med dornorsæd, inseminering med donorsæd)
- FER: 307 kroner
Tilbakeføring av tine embryo
- Kontroller i samband med FER: 307 kroner
- Dersom det, i behandlingsperioden, blir nødvendig med legesamtaler/tilleggsundersøkingar, betalast ein eigendel: 307/355 kroner
Forsøk med full eigenbetaling
(tilbod om dette blir kun gitt når eininga har kapasitet)
NB. Priser under revidering, kontakt oss for å få vite meir.
Fullførte forsøk
- IVF
- ICSI
- TIN/FER
- Tillegg ved donorbehandling
Forsøk som må abrytast etter egguthenting
Utgifter til medisiner kjem i tillegg.
Dersom du ikkje har hatt offentleg forsøk tidlegare, dekker Folketrygda medisinutgifter over 15000 kroner.
Refusjon av medisinutgifter
Når eigendelen på 15000 kroner er oppnådd, kan de sende søknad om refusjon for medisinutgifter. Hugs å ta vare på kvitteringar. Kravet må vere send innan seks (6) månader.
Dersom utgifter til første forsøk ikkje overstig 15000 kroner, treng de ikkje sende inn krav før de eventuelt kjem til ny behandling.
Det er HELFO som behandlar krav om refusjon av legemidlar. Kravet skal sendast til det regionale HELFO-kontoret. Hugs å ta med kontonummer.
Medikamenta Progestan og Cyclogest er uregistrert, og utgifter blir ikkje dekka.
Du bestemmer sjølv intervalla mellom behandlingane.
Adresser
For deg som bur i Rogaland, Hordaland eller Sogn og Fjordane:
Helseøkonomiforvaltningen (HELFO) Region Vest
For deg som bur i Vestfold, Telemark, Buskerud, Aust- eller Vest-Agder:
Helseøkonomiforvaltningen (HELFO) Region Sør
- Postboks 2415, 3104 Tønsberg
- Telefon 33 51 23 00
- Telefaks 33 51 23 01
- E-post regiosor@helfo.no
Refusjon av reiseutgifter
Krav om refusjon av reiseutgifter sendast på eiga skjema til ANS (helseføretaka sitt senter for Pasientreiser). For meir informasjon sjå www.pasientreiser.no.
Vi tar atterhald om prisendring.
Publisert
26.08.2010 10:46 |
Endret
02.03.2012 11:24