Designelement
 

AMK-sentralen:

AMK 20 år 

Sidan 1991 har det vært AMK-sentral på Haugesund sjukehus. Jubileet blei feira onsdag 14. september.
Av Eirik Dankel, Helse Fonna
 


Sjå bileta frå markeringa. (Foto: Eirik Dankel)

Medarbeidarar i Helse Fonna, og representantar frå politi og
brannvesen var samla for å markere 20-årsjubileet. Blomster, kake, talar og mimring var noko av det som stod på programmet. I innleiinga oppsummerte Kari Hauge Nilsen ideen om AMK slik:

- Det var flott å gå frå ulike løysingar i distriktet til å berre å ringe 113 når ein trengte hjelp. Det skjedde i 1991. Tanken bak er at ein raskt kjem i kontakt med helsepersonell som kan vegleie til hjelp er på plass.

”Den ambulansen kom fort”
- Eg leita etter kva som var den første meldinga. Det kan sjå ut som det var nasebløding, seier ho og smiler. – Men rett etter fekk vi testa kva sentralen var god for når vi fekk ein hjertestans å handtere.

Testen besto dei med glans. På framsida til Haugesunds Avis stod det dagen etter: ”Den ambulansen kom fort”.

AMK 20 år

Antonette Bryn Thorsen, Torhild S. Kallevåg og Gro Rongved Sandven. (Foto: Eirik Dankel)


Sidan starten
Mykje skjer på 20 år. Den teknologiske utviklinga har vore stor, og AMK-sentralen har vakse seg større. I dag dekker den også Stord og Odda.

I gebursdagsselskap er også Antonette Bryn Thorsen, Torhild S. Kallevåg og Gro Rongved Sandven. Dei har vore ved AMK-sentralen sidan starten. 

- Ingen dag er lik, seier Torhild. - Vi følgjer faste rutiner, men av og til må vi også improvisere, og det gjer kvar dag spennande.

- Ting kan vere roleg og så plutseleg har vi mange som treng hjelp, tilføyer Antonette.

- Og då kan det vere mykje å halde styr på, seier Torhild. Radio, telefon, ambulansar, helikopter…

- Det er utfordrande, ja, seier Gro, men så har vi gode og dyktige kollegaer.

Onsdag var deira tur til å feire seg sjølv.

Publisert 14.09.2011 13:55 | Endret 14.09.2011 16:29 

 Les meir

Meir om 20-årsjubileet til AMK les du i neste nummer av Helse På.

Sjå også Helse på si eiga heimeside
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest