I øvinga går dei ulike utrykkingsetatane i samarbeid med Helse Fonna, Kommunehelsetenesta, Avinor, Karmøy kommune, med fleire, saman i ei stor øving på Haugesund lufthamn, Karmøy.
Øvinga vil skje frå klokka 10.00-12.30, og det vil då vere omfattande aktivitet med utrykkingskøyretøy og helikopter.
Helse Fonna si rolle
Frå Helse Fonna deltar prehospitale tenester, akuttmottak, radiologisk, laboratoriet og lokal kriseleiing.
Viktig å øve saman
Den største fordelen med en slik felles øving er at fleire etatar og instansar får øvd saman, teste beredskapen og gi læring til dei mannskapane og etatane som deltek.
Øving: ”Full beredskap på Haugesund lufthamn”
”Full beredskap” er ein situasjon der for eksempel ein pilot får melding frå instrumenta om bord om at noko er galt med flyet. Det er då stort potensial for ulykke, og utrykkingsetatane vil bygge opp beredskap for å hjelpe flyet når det går inn for landing.
Øvinga vil ikkje påverke normal drift og akuttberedskap på Haugesund sjukehus.
Publisert
14.09.2011 10:50 |
Endret
14.09.2011 11:08