Designelement
 

Helse Vest tildelt midlar for å redusere deltid:

Betre for medarbeidarane, betre for pasientane 

Føretaka i Helse Vest er tildelt nærare 7,5 millionar kroner for å intensivere arbeidet med å redusere deltidstillingar i to prosjekt.
Av Bente Aae, kommunikasjonsdirektør, Helse Vest
 

– Dette er ei viktig støtte til arbeidet vi har sett i gang på området, blant anna i samarbeid med Fagforbundet. Gode løysingar for medarbeidarane i Helse Vest sikrar kvalitet og kontinuitet i pasientbehandlinga, seier personal- og organisasjonsdirektør Hilde Christiansen i Helse Vest RHF.

Stortinget har løyvd 75 millionar kroner fordelt på tre år til tiltak som kan redusere ufrivillig deltid. Arbeids- og velferdsdirektoratet og VOX, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, forvaltar prosjektmidlane knytt til satsinga for å redusere ufrivillig deltid. Helse Vest er tildelt 5 865 000 kroner av desse.

I Helse Vest har medarbeidarar som ikkje er i full stilling moglegheit til sjølv å ta initiativet til å endre dette. Om lag 2000 medarbeidarar har registrert profilen sin. Det er som forventa, det er mange ulike perspektiv og eit stort steg for mange å velja høgare stilingsdel. Om lag 8 % av alle fast tilsette i deltidsstilling ønskjer høgare stillingsdel, som fordeler seg i løpet av kort tid og i løpet av ein lengre horisont.

Helse Vest har inngått avtale med Fagforbundet der målet er å redusere talet på deltidsstillingar. – Saman med Fagforbundet legg me no betre til rette for tilsette som ønskjer å jobbe full tid, seier Christiansen. Avtalen mellom Fagforbundet og Helse Vest er den første av sitt slag i Noreg, og tiltaka her ligg i prosjektet som er tildelt midlar.

Prosjekta i Helse Vest er:

Helse Vest RHF og Fagforbundet 2011-2012

Medarbeidarskap –  moglegheiter og løysingar

Helse Vest og Fagforbundet har initiert eit felles regionalt prosjekt med eitt delprosjekt i kvart av føretaka, på åtte viktige område. Med omsyn til kvalitet og kontinuitet i pasientbehandlinga, skal flest mogleg av medarbeidarane ha heile stillingar. HR-systema i Helse Vest legg godt til rette for utvikling for kvar einskild medarbeidar. Sentrale område er god oppgåvefordeling, rett kompetanse og organisering av arbeidstid. Helse Vest skal også utarbeide ei bok som beskriv medarbeidarskap i praksis.

Blant tiltaka er meir fleksible ordningar, kartlegging av kompetanse og behov, auka bruk av interne ressurssenter som forvaltar og fordeler kompetansen i føretaka, læring og utvikling, betre planlegging (utnytte moglegheitene mellom sengepost, poliklinikk og tilsvarande) og revisjon av arbeidsplanar for å avklare om nokre ekstra søndagar i året kan bidra til å leggje til rette for ein høgare stillingsdel. Det er viktig at vi balanserer behova og fordeler helgejobbinga på ein betre måte. Det inneber at tilsette som i dag ikkje jobbar helger kan få arbeidsplanar med nokre få helger å jobba i løpet av eit år.

Helse Bergen

Fast full stilling for nyutdanna sjukepleiarar, etablering av traineeordning

Helse Bergen har lukkast å få 1,6 millionar til eit prosjekt kor nyutdanna sjukepleiarar blir tilsett i fast full stilling ved sjukehuset sitt interne Bemanningssenter. Dette kan gjerne skje allereie i siste semester av studiet. Ved tiltreding får den einskilde eit introduksjonsprogram og systematisk kompetanseoppfølging og variert praksis i 2 år. Som ein del av denne praksisen vil dei arbeide i vikariat i sjukehuset sine ulike avdelingar.

Dette er eit viktig prosjekt for å sikre sjukepleiarane tryggleik og ferdigheiter dei vil ha nytte av på ulike einingar i Helse Bergen. Helse Bergen møter med denne tilnærminga nyutdanna sjukepleiarar på ein heilt ny måte som vi har stor tru på.

Helse Vest ønskjer at prosjektet i Helse Bergen blir eit pilotprosjekt som kan danne erfaringar for heile føretaksgruppa og på sikt vere tilnærminga for nytilsette sjukepleiarar.

Hilde Christiansen summerer opp tildelinga slik, og understrekar samarbeidet med Fagforbundet og Spekter: – Føretaksgruppa Helse Vest er med midlane som er tildelte, godt skodde til å få til gode løysingar. Det skulle nesten bare mangle når vi er gitt tillit ved tildeling av om lag 7,5 millionar totalt. Samarbeidet med Fagforbundet byggjer på tidlegare intensjonsavtale og dialog mellom Spekter og Fagforbundet. Vi gler oss til å ta fatt på viktige oppgåver.

Kontaktpersonar for pressa

  • Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør Helse Vest RHF, tlf.: 415 33 809

  • Trond Søreide, personal- og organisasjonsdirektør Helse Bergen HF, tlf.: 901 01 455 


Publisert 08.11.2011 11:10 | Endret 08.11.2011 11:14 

 Les meir

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest