Designelement
 

Betre kvalitet med ny operasjonsmetode 

Gynekologane ved Stord sjukehus er dei første i Noreg til å ta i bruk ein ny metode for å operere kvinner med underlivsframfall. Den nye metoden er betre for pasienten og enklare å utføre.
Av Stina Steingildra, Helse Fonna HF
 

Det var første veka i oktober at gynekolog Bassam Odicho, overlege Johannes Carlsen og seksjonssjukepleiar Aud Lisa Kjøl kunne sjå metoden tatt i bruk ved Stord sjukehus.
– Den nye metoden gjer at inngrepet er enklare å utføre og reduserer risikoen for komplikasjonar som infeksjon og blødningar hos kvinna, seier gynekolog Bassam Odicho.

Betre livskvalitet
Det er gjerne kvinner over 55 år som opplever å få underlivsframfall, og særleg kvinner som har hatt fleire tunge fødslar. Tilstanden kjem som følgje av at støttefunksjonen i bekkenbotnen er redusert, noko som gjer at endetarm, livmor eller urinblære kan falle inn mot skjedeveggen. Dette gir ubehag, smerter og reduserer moglegheita til å vere fysisk og seksuelt aktiv.

Underlivsframfall blir behandla ved at eit nett i syntetisk materiale blir sett på plass for å kompensere for den manglande støttefunksjonen. No har altså gynekologane ved Stord sjukehus teke i bruk ein ny type nett og ein ny metode for å sette det på plass.
– Det nye nettet er mindre og er derfor ikkje eit så framtredande framandelement i kroppen. Dette reduserer risikoen for komplikasjonar og vil gi mindre smerter for pasienten, seier Odicho.

Over 100 pasientar årleg
– Mange trur Stord sjukehus ikkje er stort nok til denne type operasjonar, seier Johannes Carlsen.  Sanninga er at sjukehuset utfører denne operasjonen over 100 gonger årleg og får tilvist pasientar frå både Bergen og Stavanger.
– Stord sjukehus har lang erfaring og gode resultat med forløparen til dette inngrepet, og ventetidene er låge, fortel Carlsen.
Carlsen ser ikkje vekk i frå at fagmiljø ved andre sjukehus i landet vil vere interessert i operasjonsteknikken dei nyttar ved Stord sjukehus.

Bassam Odicho, Aud Lisa Kjøl og Johannes Carlsen. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna HF
Bassam Odicho, Johannes Carlsen og Aud Lisa Kjøl ved Stord sjukehus. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna HF.


Publisert 27.10.2011 09:50 | Endret 27.10.2011 10:15 

 Les meir

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest