Designelement
 

Reinhaldaranes dag:

Champagnefrukost for reinhaldarane 

- Dette har de fortent, konstaterte  leiar for reinhaldarane, Kjellfrid Skjervheim, og serverte marsipankake og bobler i glaset. Måndag 5. desember blei reinhaldaranes dag markert for 11. år på rad.
Av Eirik Dankel, Helse Fonna HF
 

Måndag er kanskje den travlaste dagen på jobb for reinhaldarane i Helse Fonna. Reinhaldarane ved Haugesund sjukehus fekk likevel litt tid til å samle seg rundt eit langbord og feire seg sjølv. 


Skål: Reinhaldarene ved Haugesund sjukehus feirar seg sjølv. Framme til venstre sit einingsleiar for husøkonomi ved Haugesund sjukehus, Kjellfrid Skjervheim. På motsett side sit konstituert sjef for internservice i Helse Fonna HF, Leif Terje Alvestad. Foto: Eirik Dankel.

Den første måndagen i desember
Dagen i dag er litt ekstra spesiell, denne måndagen er reinhaldaranes dag. Markeringa i år er den ellevte året på rad. Den no nasjonale tradisjonen blei starta av reinhaldarane ved Ullevål sjukehus for å fokusere på viktigheita av reinhald etter å ha opplevd å vere eit lågstatusyrke.

Tradisjonen frå Oslo lever vidare i Helse Fonna. Tilsette på Valen, Stord og Odda har i dag motteke blomsterhelsing. Og i Haugesund samla reinhaldarane altså seg i kantina der Kjellfrid Skjervheim, einingsleiar for husøkonomi ved Haugesund sjukehus og Leif Terje Alvestad, konstituert direktør for internservice, diska opp med kake og (alkoholfri) champagne.

Det viktige reinhaldet
Det er mange gode grunnar til å vise fram den viktige jobben reinhaldarane gjer. Éin av dei er å senke sjukefråveret. Undersøkingar frå Ullevål synte nemleg at mykje av årsaka til det høge fråveret var at dei tilsette følte dei hadde eit lågstatusyrke. Reinhaldarane sin dag skal gjere andre tilsette og reinhaldarane sjølve meir bevisste på kor viktig ein reinhaldar er.

Dagen er òg ei påminning til oss alle om at det å bli sett og sett pris på i jobben er eit viktig tiltak for at tilsette skal trivast.

Ikkje ver redd for å skryte litt av reinhaldarane. Det har dei fortent.


Søt gratulasjon: Vel fortent merksemd for å markere reinhaldaranes dag. Foto: Eirik Dankel.


Publisert 06.12.2011 14:45 | Endret 16.12.2011 10:25 

 Visste du at...

  • i Helse Fonna står reinhaldarane for nær 60 årsverk?
  • har ansvar for reingjering av formidable 94 000 kvadratmeter?

Les meir om husøkonomi og reinhald på avdelinga si side.

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest