Designelement
 

Føde/barsel, Haugesund:

Endringar for ein god start på livet 

På kvinneklinikken ved Haugesund sjukehus er det no teke i bruk nye familierom, og frå hausten 2011 er det også endringar i  visittida og kven som kan komme på besøk. Slik skal tida på sjukehuset brukast til å gje mor, far og barn eit best mogleg utgangspunkt før dei reiser heim.
Av Eirik Dankel, Helse Fonna
 

Nye familierom
Dei  nye familieromma på Haugesund sjukehus er eit barseltilbod til friske mødrer. Her kan også far vere med heile døgnet, og søsken om de velgjer det. På familieromma er det meininga at de skal klare dykk sjølv. Barnet er saman med dykk under heile opphaldet.

Meir om familieromma finn du på Helse Fonna sine nettsider

Prioriterer far
Frå hausten 2011 er visittida endra ved føde- og barseleininga, og også kven som kan komme på besøk: No er det ikkje lov for andre enn far, søsken og besteforeldre å komme i visittida.

Kvifor er det slik?
Tida på sjukehuset etter fødsel er kort og vi ønskjer å gje mor, far og barn eit så godt utgangspunkt som mogleg før dei reiser heim. Blant anna nyttar vi tida til opplæring i amming og næring då det er svært viktig at dette fungerer før heimreise.

Nye visittider for far
På familieromma kan far vere med heile tida, mens på andre rom er visittida for far 9.00-13.00 og 16.00-21.00.

Nye visittider søsken og besteforeldre
For barnets søsken og besteforeldre er visittida no endra til 17.00-18.00.


Publisert 13.10.2011 15:45 | Endret 13.10.2011 15:49 

 Les meir

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest