Jaakko Seikkula (1953) er Ph.D., klinisk psykolog og familieterapeut. Han arbeider i dag som professor i psykoterapi på Psykologisk institutt ved Universitetet i Jyvaskyla i Finland. I tillegg er han tilknytta Universitetet i Agder.
Seikkula er spesielt kjent for, saman med professor Tom Andersen, å ha vore pioner i utviklinga av terapiretninga «åpne samtaler». Terapiforma er nettverksbasert og anvendes spesielt innan psykiatrien i behandling av Jaakko Seikkula psykoser og kriser. Det er rapportert oppsiktsvekkande gode resultat av denne nettverksterapien, der ein mellom anna byter ut fagspråket med eit allminneleg kvardagsspråk som folk kjenner seg igjen i og som kjennest mindre farleg. Dette behandlingsopplegget blir i aukande grad nytta i inn- og utland.
Seikkula er også forfatter av fleire bøker, blant anna klassikaren «Åpne samtaler», og seinast «Nettverksdialoger» saman med Tom Erik Arnkil.
Velkommen til fagdag fredag 24. februar i Tysvær kulturhus.
Målgrupper
Helsepersonell, studentar, helseadministatorar, politikarar, tilsette i skule, barnevern og NAV, brukarar og brukarorganisasjonar, og andre interesserte.
Tid og sted
Tysvær kulturhus, 24. februar 2012, klokka 09.00-15.00.
Kursavgift
Kroner 250 for fagfolk, kroner 150 for medlemmer av brukarorganisasjonar, lekfolk og studentar. Pris inkluderer lunsj. Faktura (med gebyr) blir sendt etter seminaret.
Bindande påmelding
Påmeldingsfrist
Måndag 20. februar.
Publisert
17.01.2012 11:35 |
Endret
17.01.2012 11:41