Haugalandseminaret blir arrangert to gonger årleg, og er eit samarbeid mellom Haugaland og Karmøy DPS, kommunar i opptaksområdet, Brukarrådet og Høgskolen Stord/Haugesund. Samarbeidsrådet definerer tema, og Haugalandseminaret er ein viktig felles arena for drøfting av felles samfunnsmessige, faglege og organisatoriske utfordringar. Rusproblematikk og situasjonen til barn og unge har særleg vore i fokus.
Haugalandseminaret vert arrangert for sjuande gong sidan 2007, denne gongen på Tysværtunet i Aksdal. Assisterande direktør i Helsetilsynet, Geir Sverre Braut, vil setje søkelyset på etiske, praktiske og juridiske moment i møte med komplekse problemstillingar i dagens psykiske helsevern. Ansvarsdeling mellom 1. og 2. linjetenesta er eit hovedtema, saman med fleirfagleg og tverrfagleg samarbeid. Siktemålet er å bedre vårt kunnskaps- og refleksjonsnivå, med tanke på gode og tydlege samarbeids-relasjonar.
For å kunne bidra til utvikling og gode faglege og organisastoriske prosessar vidare, omfattar målgruppa både brukarar, leiarar og øvrige tilsette i psykisk helsevern, i tillegg til legar, helseadministratorar og politikarar. Arrangementskomiteen ynskjer difor deltakarar frå alle delar av psykisk helsevern og samfunnsapparatet velkommen til ein felles arena for opplysning og dialog!
Publisert
25.08.2010 12:25 |
Endret
25.08.2010 12:55