Designelement
 

Norsk sykepleierforbund:

Helse Fonna-tilsett nytt forbundsstyremedlem i NSF 

Seint natt til fredag kunne Rogalandsdelegasjonen sleppe jubelen laus. Då blei det gjort offentleg at Anne Margrethe Haukaas, sjukepleiar i Helse Fonna, er valt til forbundsstyremedlem i Norsk sykepleierforbund (NSF).
Av Eirik Dankel, Helse Fonna
 

Tove Martha Hovda Callaghan, leiar for NSF i Helse Fonna, er glad for at kandidaten hennar er valt inn i det øvste styret for organisasjonen som tel nesten 100 000 medlemmar, 1000 av dei frå Helse Fonna.

– Anne Margrethe er ein kjemperessurs. Å få ein representant med hennar person og eigenskapar inn i styret er kjempeviktig.

Haukaas er valt inn for ein periode på fire år, og blir den første kandidaten frå Helse Fonna til Forbundsstyret i Norsk sykepleierforbund.


Publisert 11.11.2011 10:30 | Endret 11.11.2011 10:46 
Anne Margrethe Haukaas (Foto: NSF)

Anne Margrethe Haukaas (Foto: NSF)

Tove Martha Hovda Callaghan (Foto: Eirik Dankel)

Tove Martha Hovda Callaghan, leiar for NSF i Helse Fonna. (Foto: Eirik Dankel)
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest