Kari Ugland har vore administrerande direktør i Helse Fonna sidan mars 2008. Oppgåvene som administrerande direktør har hatt all fokus for Kari Ugland, gjennom krevjande utvikling av helseføretaket samstundes som det har vore store oppgåver å løyse innan fleire viktige fagområde.
- Arbeidsmengda har til tider vore svært stor, og det skal bli godt å kunne fokusere på eit litt meir avgrensa arbeidsområde framover, seier Kari Ugland.
Samhandlingsreforma vil krevje utstrakt dialog og omfattande avklaringar mellom Helse Fonna og dei 19 kommunane. Samhandlingssjefen vil vere ein viktig bidragsytar for å lukkast med samhandlingsreforma.
Styret har tatt Kari Ugland sine ønskjer til etterretning, og er godt nøgd med at Kari Ugland vil vere med på laget vidare og ønskjer å ta fatt på oppgåvene som samhandlingssjef i Helse Fonna, seier styreleiar Toralv Mikkelsen.
Kontakt
Toralv Mikkelsen, styreleiar Helse Fonna, mobil 482 30 282.
Kari Ugland, mobil 917 80 065.
Publisert
15.11.2011 09:20 |
Endret
24.11.2011 12:47