Designelement
 

Kjøkkenet ved Stord sjukehus stengt 

Kjøkkenet er rutinemessig stengt etter påvist asbest i samband med vedlikehaldsarbeid. Det er ikkje grunn til å tru tilsette eller pasientar treng uroe seg for helsemessige konsekvensar. Stenginga er for å kunne sanere området etter forskriftene.
Av Stina Steingildra, Helse Fonna HF
 
I samband med det omfattande bygg- og vedlikehaldsarbeidet som går føre seg ved sjukehuset er det teke asbest-prøvar jamleg. Tidlegare prøvar i kjøkkenområdet har vore negative. Etter tiltak knytt til ein mindre lekkasje har ein teke nye prøvar der asbest i støv på flater blei påvist. Kjøkkenområdet blei umiddelbart og rutinemessig stengt og sanering sett i verk. Ein kan ikkje seie på det noverande tidspunkt kor lang tid det vil ta før kjøkkenet kan opnas for drift.

Låg risiko
Tidlegare prøvar frå området har vore negative, og det har bare gått fire dagar mellom førre negative prøve og den prøven som påviste asbest. Helserelaterte konsekvensar av asbesteksponering er først og fremst dokumentert i samband med yrkeseksponering over lange periodar.
- Kort tids eksponering av asbest er i utgangspunktet rekna som lite farleg, seier seksjonsoverlege Atle Totland ved lungeeininga, Haugesund sjukehus.

Ingen konsekvensar for matforsyninga
Stenginga vil ikkje få konsekvensar for matforsyninga til pasientane. Det er oppretta mellombels kjøkken for tørrmat ved sjukehuset. Middag kjem frå ekstern leverandør i perioden.

Publisert 21.10.2011 12:45 | Endret 21.10.2011 12:49 
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest