- Korte ventetider er ein viktig kvalitetsindikator, men bak desse tala er det òg menneske som opplever betre livskvalitet fordi dei kjem raskare til behandling. Det er det viktigaste, seier Olav Klausen, konstituert administrerande direktør i Helse Fonna, som onsdag 21. desember kunne presentere dei gode tala for styret.
Prioriterte pasientar ventar kortast
Alle pasientar som har rett til helsehjelp på sjukehus blir vurdert og delt i to kategoriar: Dei som har behov som gjer at dei skal prioriterast først, og dei som ikkje har så alvorlege tilstandar og som derfor kan vente litt lenger. Målet er at gjennomsnittleg ventetid for alle pasientar med rett til helsehjelp skal vere 65 dagar eller kortare.
I Helse Fonna er no gjennomsnittleg ventetid for alle pasientar innan somatikken redusert til 76 dagar. Pasientar med prioritet ventar i snitt bare 45 dagar, medan pasientar utan prioritet framleis må vente lenger enn målkravet - her er gjennomsnittleg ventetid 98 dagar.
Innan psykisk helsevern for vaksne går òg gjennomsnittleg ventetid ned: Pasientar med prioritet ventar i snitt 45 dagar. Innan rusbehandling er ventetida i snitt berre 36 dagar, meir enn ei halvering sidan januar i år. Det er no om lag 300 pasientar som ventar på behandling i psykiatrien.
Markant betring for barn og unge
I barne- og ungdomspsykiatrien har ventetidene vore for lange. No er ventetidene på veg ned: Talet på barn og unge som har venta meir enn 90 dagar er redusert med 20 prosent, og ventetida for pasientar med prioritet har gått ned frå 103 til 80 dagar.
- Tala er gledelege og viser at vi er på rett veg. Innan barne- og ungdomspsykiatrien har vi framleis eit stykke igjen, seier styreleiar Toralv Mikkelsen. Han roser tilsette i Helse Fonna som har jobba hardt og målretta med å redusere ventetidene.
Publisert
21.12.2011 14:50 |
Endret
21.12.2011 15:00