Designelement
 

Kvalitetssikrar vikarbruken i norske sjukehus 

I sommar skal det gjennomførast revisjon blant leverandørar av helsepersonellvikarar til norske sjukehus. Revisjonen blir gjort for å følgje opp at innleige av vikarar i sjukehusa skjer i tråd med hensikta i avtalene.
 

I mars 2009 inngjekk helseføretaka i Noreg felles nasjonale rammeavtaler med 13 leverandørar om kjøp av vikartenester.

Leverandørane som helseføretaka har inngått avtale med, har alle høg fagleg standard på sine tenester og gode rutinar for kvalitetssikring og internkontroll. Dei nasjonale rammeavtalene sikrar at talet på leverandørar er tilstrekkjeleg med tanke på etterspurnad og nødvendig kompetanse innan dei ulike faggruppene. Avtalene sikrar også at dei ulike helseregionane har lik til tilgang til vikartenester.

I avtalene er det lagt til grunn at det skal kunne gjennomførast revisjon i avtaleperioden. 

I revisjonen skal ein sjå nærare på tre hovudområde:

1) Kvaliteten på innleigd personell
2) Kvaliteten på behandlinga av ordrar og fakturering hos leverandøren
3) Kontraktsfesta plikter

Revisjonen skal gjennomførast i juli og august av internrevisor i Helse Vest på oppdrag frå dei regionale helseføretaka.

Ved å etablere felles nasjonale rammeavtaler i 2009, ønskte helseføretaka å bidra til ei høgare profesjonalisering blant leverandørane av vikartenester. Dette skulle gi auka tryggleik i pasientbehandlinga ved at helseføretaka får kvalitetssikra tenestene, samtidig som det blir lagt til rette for betre ressursutnytting.

Kontaktperson:
Personal- og organisasjonsdirektør Hilde Christiansen, Helse Vest. Mobil: 415 33 809.

Teksten er ei pressemelding frå Helse Vest, 08.07.2010


Publisert 26.07.2010 13:50 | Endret 13.08.2010 13:51 
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest