Einingsleiar for Internservice på Stord, Reidun Rasmussen Mjør, var guide innanfor veggane for styra. Bli med på omvisning du også. (Video: Eirik Dankel/Stina T. Steingildra)
Infrastruktur for elektrisitet, VVS og ventilasjon utgjer hovedvegane i sjukehusdrifta. Dei er rett og slett nødt til å vere på plass for at resten skal fungere. No er det pussa skikkeleg opp på Stord sjukehus.
Onsdag 1. september blei styra i Helse Vest og Helse Fonna tatt med inn i veggane for å sjå arbeidet som er gjort med å oppgradere infrastrukturen på Stord sjukehus. Anledninga for møtet er at Helse Vest la styremøtet til Stord.
Her blei dei tatt med på ein guida tur der du vanlegvis ikkje går, etterfulgt av ein presentasjon av investeringane som er gjort i infrastrukturen for å førebu ny MR, ny CT og rehabilitering av sengepostane.
Bli med på ei synfaring du også. Sjå video.
Publisert
02.09.2010 15:00 |
Endret
02.09.2010 15:10