Designelement
 

Nye styremedlemer i Helse Fonna 

Den nye styresamansetninga blei stadfesta i føretaksmøtet 8. februar.
Av Stina Steingildra, Helse Fonna HF
 

Tidlegare nestleiar i styret, Kjell Arvid Svendsen, blir ny leiar. Inge Reidar Kallevåg blir nestleiar.

Her er det nye styret:

Kjell Arvid Svendsen (KrF) – styreleiar
Inge Reidar Kallevåg (H) – nestleiar
Lillian Andreassen – styremedlem (ny)
Hilde Christiansen – styremedlem
Gunnar Birkeland – styremedlem
Harry Herstad (Ap) – styremedlem (ny)
Hege Haukeland Liadal (Ap) – styremedlem (ny)

Valde av og blant dei tilsette:

Pål Midbø – styremedlem
Anna Rød Nyland – styremedlem
Tove Martha H. Callaghan  – styremedlem
Lasse Lesto – styremedlem

Pressemelding frå Helse Vest RHF:

Nye styre i helseføretaka

Styret i Helse Vest RHF har i dag oppnemnt nye styre i helseføretaka. Den nye styresamansetjinga blir stadfesta i føretaksmøte 8. februar og gjeld frå same dag.

- Dei nye styra i føretaka er sette saman etter ein god prosess og ein har på same tid ivareteke kontinuitet og tilført nye krefter. Føretaka på Vestlandet er i ei god utvikling. Vi ønskjer å ha dei beste med på laget for å sikre kvaliteten og tryggleiken i tenestene våre også framover, seier Oddvard Nilsen, styreleiar i Helse Vest RHF.

Oppnemninga omfattar dei eigaroppnemnde styremedlemmene og gjeld for to år.

Styra i føretaka skal i tråd med vedtektene ha sju eigaroppnemnde styremedlemmer. Av desse skal fire medlemmer veljast blant føreslåtte folkevalde kandidatar. Fylkeskommunane og kommunane i regionen har foreslått eigne kandidatar.

I tillegg til dei eigaroppnemnde styremedlemmene er det fire styremedlemmer som er valde av og blant dei tilsette. Desse er ikkje ein del av den nye oppnemninga.


Publisert 09.02.2012 08:30 | Endret 09.02.2012 10:54 
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest