Det nye styret ser slik ut
- Oddvard Nilsen (leiar)
- Aud Berit Alsaker Haynes (nestleiar)
- Gunnar Berge
- Ohene Aboagye
- Gerd Dvergsdal (SP)
- Olin Johanne Henden (H) (NY)
- Kjartan Longva (Ap)
- Torhild Selsvold Nyborg (KrF)
- Sveinung Stensland (H) (NY)
Tilsetterepresentantar
- Lise Karin Strømme
- Aslaug Husa
- Tom Guldhav
- Reidun Johansen
Styret sine oppgåver
Styret skal sjå til at helseføretaka i Helse Vest gir gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga i regionen, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.
I 2012 har Stortinget bevilga omlag 19 milliardar kroner til Helse Vest RHF. Helse- og omsorgsdepartementet har i tillegg stilt ei rekkje styrings- og kvalitetskrav. Styret har ansvaret for at dei helsepolitiske måla blir nådde innanfor dei økonomiske rammene som Stortinget har vedteke.
Styret består av både eieroppnemnde styremedlemmer og styremedlemmer som er valde av dei tilsette. Det er frå 2006 stilt krav om at eit fleirtal av dei eieroppnemnde styremedlemmene skal vere folkevalde. Styremedlemmene skal som styremedlemmer ikkje representere geografiske område, politiske organisasjonar eller andre interessegrupper. Men det er viktig at styrene samla sett har eit mangfald og ei breidde, også geografisk og politisk.
- Samansetninga skal bidra til at styret kan balansere ulike interesser og ta ei aktiv rolle for å drifte og utvikle spesialisthelsetenesta til beste for heile befolkninga i regionen, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen.
Publisert
01.02.2012 14:45 |
Endret
07.02.2012 14:51