Designelement
 

Pressemelding:

Olav Klausen konstituert administrerande direktør 

Frå og med 15. november er Olav Klausen konstituert som administrerande direktør i Helse Fonna HF. Styret har peika ut eit tilsettingsutval som vil ta fatt på oppgåva med tilsetting av ny administrerande direktør i Helse Fonna HF.
Av Eirik Dankel, Helse Fonna
 

Olav Klausen er godt rusta til å ta fatt på oppgåva som konstituert administrerande direktør.  Han har lang erfaring frå Helse Fonna i ulike stillingar og kjenner organisasjonen godt.  Seinast frå rolla som viseadministrerande direktør. 

Olav Klausen har vore seksjonsleiar i seksjon for øyre, nase og hals i klinikk for kirurgi og akuttmedisin. Han tok embetseksamen ved Universitetet i Bergen og spesialiseringa ved Haukeland og Haugesund sjukehus. Klausen har vore lege i 25 år, 20 av dei ved Haugesund sjukehus og 15 av dei som leiar for ØNH. Han bur i Haugesund, er gift og har tre barn.

Olav Klausen har vært deltakar på nasjonalt toppleiarprogram så seint som i 2011. Styret er nøgd med at Olav Klausen tar fatt på dei viktige oppgåvene Helse Fonna står overfor.

Stillinga vil bli lyst ut på vanleg måte og endeleg tilsetting vil skje så snart som mogleg.  Utvalet vil vurdera bruk av ekstern bistand for tilsettingsprosessen.

Utvalet blir leia av styreleiar, Toralv Mikkelsen, og består i tillegg av nestleiar Kjell Arvid Svendsen og styremedlemmene Pål Midbøe og Hilde Christiansen.

Kontakt
Toralv Mikkelsen, styreleiar Helse Fonna, mobil 482 30282
Olav Klausen, mobil 952 31637


Publisert 15.11.2011 09:15 | Endret 24.11.2011 13:02 
Olav Klausen (Foto: Eirik Dankel)

Frå og med i dag, 15. november 2011, er Olav Klausen konstituert som administrerande direktør i Helse Fonna HF.

Last ned bilete av Olav Klausen
Høydeformat
Breddeformat

 Les også

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest