Designelement
 

Positiv praksis 

Ein medstudent hadde høyrt at 5 Vest på Haugesund sjukehus ikkje var den beste staden å vere i praksis. Men allereie etter første dag på jobb oppdaga Jannicke at sengeposten nevro/slag er ein super arbeidsstad. I sommar kjem ho tilbake som ferievikar.
Av Stina Steingildra, Helse Fonna HF
 

- Dagen før eg skulle begynne i praksis her var eg innom for å få litt informasjon. Då var alt klart alelreie: Kontaktsjukepleiar, datatilgangar, adgangskort. Eg blei veldig godt tatt i mot og alle er så inkluderande og snille her, seier andreårsstudenten i sjukepleie frå Høgskolen Stord/Haugesund.

Saman med Sarah Beth Green har Jannicke Jakobsen hatt åtte veker praksis på sengeposten nevro/slag ved Haugesund sjukehus. Dei er fulle av lovord om opphaldet.

- Her på nevro/slag ser dei at vi er studentar og at vi er her for å lære. Vi har fått meir ansvar og tillit etter kvart, og det er ei god kjensle. Vi gir medisinar, blandar antibiotika og set PVK.

- PVK? spør ein uvitande journalist.

- Ja, perifert venekateter?

Personleg prat
Det er tydelig at jentene er godt inne i arbeidsspråket allereie. Det kjem godt med for Jannicke, som har skaffa seg sommarjobb ved sengeposten. Men kvaa er det som gjer at de tvis så godt her?

- Det sosiale miljøet er veldig bra, seier Jannicke. – Vi snakkar om både fag og personlege ting.

- Og så er dei veldig flinke på å fordele ansvar og arbeidsoppgåver, legg Sarah Beth til.


Full fart: Sarah Beth Green (foran) og Jannicke Jakobsen trives som praksisstudenter. Foto: Eirik Dankel.

Skjerpar hjernen
- Vi har vore veldig heldige med praksisstudentane våre. Dei er flinke og glir lett inn i miljøet, seier Charlotte Rugtveit, funksjonsleiar på sengeposten. Hun innrømmer at det kan vere krevjande å følge opp studentane.

- Dei stiller veldig mange spørsmål, men slik blir vi meir skjerpa - og det er bare positivt! Det nyttar ikkje med enkle løysingar når ein skal vere førebilde og lære opp nye sjukepleiarar.

Praksisopphaldet til Sarah Beth og Jannicke nærmar seg slutten. Snart kjem ei ny gruppe praksisstudentar, som forhåpentleg vil få eit like godt inntrykk som dei to.


Publisert 14.02.2012 12:10 | Endret 14.02.2012 12:24 

 Jobb med oss!

Høyrtes dette interessant ut?
Sengeposten nevro/slag ved Haugesund sjukehus har ledige stillingar både fast og i vikariat.
Sjå ledige stillingar ved sengeposten.

Helse Fonna søkjer òg ferievikarar, sjå våre jobbsider.
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest