På oppdrag frå helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen har alle helseføretaka i Norge undersøkt eit tilfeldig utval pasientopphald ved hjelp av same metode. Metoden er kalla Global Trigger Tool og er ei strukturert journalundersøking som skal avdekkje talet på og omfanget av pasientskadar i helsetenesta.
Undersøkinga viser at 14 prosent av pasientane som blei behandla ved sjukehusa i Helse Vest i 2010 blei påførte minst éin skade under opphaldet. Tala varierer frå helseføretak til helseføretak.
Stadfestar alvoret
Seniorrådgivar Anne Grimstvedt Kvalvik i Helse Vest understrekar at tala ikkje kan tolkast slik at behandlinga er tryggare i Helse Førde enn i Helse Fonna:
- Journalundersøkinga er utført av legar og sjukepleiarar med lik opplæring og etter same manual. Grunna rom for tolking og skjønn eignar ikkje resultata seg til å samanlikne helseføretak. Tala skal skape eit grunnlag for forbetring ved kvart enkelt sjukehus.
Grimstvedt Kvalvik, som koordinerer satsinga på kvalitet og pasienttryggleik i Helse Vest, understrekar også at alle skadane som blir registrerte ikkje skuldast feilbehandling.
- Nokre skadar er uunngåelege. Målet med kartlegginga er å redusere talet på skadar vi kan hindre. Vi vil skru opp kvaliteten og gjere tilbodet ved sjukehusa tryggare, seier ho.
Ho vedgår at altfor mange pasientar blir påført unødige skadar og lidingar ved sjukehusa:
- Noko av det viktigaste med denne undersøkinga er at vi får stadfesta alvoret i situasjonen. No skal vi arbeide vidare for å redusere talet på skadar, seier Grimstvedt Kvalvik.
Openheit
Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen er opptatt av at helseføretaka er opne om resultata.
- Eg er opptatt av full openheit om kvaliteten ved norske sjukehus, også når ting går gale. Målet er ikkje å henge ut dei som gjer feil, men å lære og å forbetre oss.
På landsbasis blei 16 prosent av pasientane påførte minst éin skade under sjukehusopphaldet i fjor. For i alt ni prosent av pasientane førte dette til at opphaldet på sjukehuset blei forlenga. I 0,7 prosent av tilfella døydde pasienten som følgje av skade ho eller han blei påført på sjukehuset, noko som svarer til om lag 4 700 dødsfall.
Då metoden som er brukt berre viser talet på skadar, uavhengig om det har skjedd feil eller ikkje, er det vanskeleg å vurdere kor mange skadar som kunne vore unngått. Men forsking frå andre land viser at om lag halvparten av skadane i heletenesta kan førebyggast.
- Vi skal bruke denne kartlegginga til å redusere pasientskadane, betre pasienttryggleiken og til å etablere varige system og strukturar, seier Anne Grimstvedt Kvalvik.
Publisert
13.12.2011 15:55 |
Endret
15.12.2011 08:32