Designelement
 

Kvalitetsdagen 2011:

- Som å vinne cupfinalen 

Glade kvalitetsprisvinnarar på Helse Fonna sin Kvalitetsdag.
Av Eirik Dankel, Helse Fonna
 

Dag Rune Sjøen Pedersen (Foto: Eirik Dankel) Torsdag 9. november var Kvalitetsdag i Helse Fonna, og dermed også dagen for utdeling av årets kvalitetspris. Førsteplassen i 2011 blei tildelt Fast track-teamet ved ortopedisk eining.

– Det var ”himla” kjekt, sa Dag Rune Sjøen Pedersen i Fast track-teamet (bildet) om utdelinga. – Flott at arbeidet vi har gjort blir sett pris på, og ein heider for ortopedisk eining. Premiepengane skal vi bruke godt i vidare arbeid og til teambuilding.

Andreprisen blei tildela prosjektet "Individuell plan for til kreftpasienter med åpen før-status" ved kar/thorax/mammae. Mottakarane Jenny Berit Hansen og Cathrine Støle var berre to store smil etterpå.

– Utruleg bra, nærast som å vinne cupfinalen, oppsummerar Jenny.

Også Maria Helena Huanca-Condori har grunn til å feire. Prosjektet ”Forbedring av den tidlige fasen av organdonasjonsprosessen” (ved Seksjon  for intensiv og anestesi) tok tredjeplassen.

– Å få kvalitetspris var hyggeleg. Eg syns det er bra å få vise fram kva vi gjer.

FAKTA – Desse vant kvalitetspris i 2011
1. Ortopedisk seksjon: Fast track-teamet, ved Dag Rune Sjøen Pedersen (Premie: 20 000 kr)
2. Kar/thorax/mammae-seksjon: "Individuell plan for til kreftpasienter med åpen før-status", ved Jenny Berit Hansen og Cathrine Støle (Premie: 15 000 kr)
3. Seksjon  for intensiv og anestesi: ”Forbedring av den tidlige fasen av organdonasjonsprosessen”, ved Maria Helena Huanca-Condori (Premie: 10 000 kr)


Publisert 11.11.2011 11:20 | Endret 11.11.2011 11:33 
Kvalitetsprisvinnarar 2011 (Foto: Eirik Dankel)

Kvalitetsprisvinnarar 2011: F.v. Dag Rune Sjøen Pedersen, Cathrine Støle, Jenny Berit Hansen og  Maria Helena Huanca-Condori. (Alle foto: Eirik Dankel)

Jenny Berit Hansen (Foto: Eirik Dankel)

Cathrine Støle (Foto: Eirik Dankel)

2. plass: Kar/thorax/mammae-seksjon: "Individuell plan for til kreftpasienter med åpen før-status", ved Jenny Berit Hansen og Cathrine Støle (Premie: 15 000 kr)

Maria Helena Huanca-Condori (Foto: Eirik Dankel)

3. plass: Seksjon  for intensiv og anestesi: ”Forbedring av den tidlige fasen av organdonasjonsprosessen”, ved Maria Helena Huanca-Condori (Premie: 10 000 kr)
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest