Forsking styrkar tilbodet vi kan gi våre pasientar og er derfor eit naturleg satsingsområde, og i Helse Fonna blir det forska både innan det somatiske fagfeltet og psykiatri.
Gjennom utdanning og tilsettingar, ved stimulering, rettleiing og støtte til forsking er forskingskompetansen i Helse Fonna styrka dei siste åra.
Ulike samarbeid og utval held forskingsaktiviteten oppe, og legg til rette for at forsking skal vere ein naturleg del av kvardagen. Mellom anna har Helse Fonna eit etablert samarbeid med Høgskolen Stord/Haugesund, og har felles kurs i forskingsdesign og generell metode.
Forskingsutvalet
Helse Fonna har oppretta eit forskingsutval med fem medlemmer som skal ha ein rådgivande og rettleiande funksjon, i tillegg til å fordele støtte til dei som delvis eller ikkje får økonomisk støtte frå Helse Vest eller andre ressursar merka forsking.
Forskingspionerar, somatisk forsking
I tillegg til å ha vore fødselshjelparar i 25 år er Fertilitetssenteret i Haugesund også ein av pionerane i verda innan arbeidet med å redusere problem knytt til det å sette inn fleire befrukta egg.
Senteret, som er eitt av det største av sitt slag i Noreg, har i fleire år som ein del av forskinga praktisert å sette inn berre eitt befrukta egg i vel halvparten utførte behandlingar, med gode resultat.
Forsking på psykisk helse
Seksjon for forsking på psykisk helse tilbyr arbeidsplass og eit fagleg miljø til heil- og deltidsforskarar i Klinikk for psykisk helsevern. Mange av dei arbeider her med prosjekt knytte til doktorgrada si.
Utom prosjekta til dei tilsette i seksjonen, eksisterer fleire andre forskingsprosjekt i Klinikk for psykisk helsevern. Prosjekta reflekterer mangfaldet innan mental helse. Mellom anna er behandlingsstudium, andre kliniske studium, instrumentutviklingsstudium og epidemiologiske studium innan fleire områder av psykiatrifaget representert.
Seksjon for forsking på psykisk helse kan hjelpe med forskingskompetanse for forskarane.
Fonnanettverket for forsking på mental helse
Nettverket har sitt utspring i seksjon for forsking på psykisk helse, og fagmøte i nettverket vert haldne tre til fire gonger per semester, anten i Haugesund, på Valen eller Stord. Møta er ope for alle med forskingsinteresse i regionen.
Ta kontakt med koordinator i Forskingsseksjonen for medlemskap i nettverket eller for ønske om informasjon om seksjonen.