Velkomen som tilsett i Helse Fonna!
Helse Fonna skal vere ein attraktiv arbeidsplass prega av utvikling, kreativitet og samhandling.
I Helse Fonna ønskjer vi å ta i mot nytilsette medarbeidarar på ein trygg og god måte. Ved å gi nye kolleger ein varm velkomst og god opplæring, legg vi til rette for at dei skal få positive erfaringar sjølv i ein periode der ting er nytt og ukjent.
HR-avdelinga har utarbeidd eit introduksjonsprogram som skal sikre ein slik velkomst. Målet er at nye medarbeidarar frå starten av skal finne seg til rette i sitt arbeidsmiljø og vere i stand til å yte på eit fagleg høgt nivå.
Introduksjonsprogrammet skal òg vere til hjelp for leiaren i den viktige oppgåva det er å ta imot nye medarbeidarar i eininga.
Gjennom introduksjonsprogrammet vil ein tydeleggjere ansvar og etablere ei felles forståing for gjensidige forventningar.
Her finn du som nytilsett enkelt fram til rettar og plikter i Helse Fonna som du bør gjere deg kjent med som ny hos oss: Informasjon om arbeidsforhold og nyttige program.
Spørsmål? Kontakt:
Finn Arve Åsbu
Einingsleiar Personal og lønn
Telefon: 52 73 20 85
finn.arve.asbu@helse-fonna.no