Designelement
 

Ferievikar 

Kvifor søke sommarjobb i Helse Fonna?
Søkjer du jobb som ferievikar i Helse Fonna, opnar du mange dører. Du får verdifull arbeidserfaring, moglegheit for vidare jobb og auka kompetanse. Saman med dyktige og trivelige kolleger vil du jobbe for å nå vår visjon: Fremme helse og livskvalitet.

Kven treng vi?
Heile Helse Fonna treng vikarar. Det vil seie at du kan søkje jobb ved alle våre sjukehus og DPS (distriktspsykiatrisk senter) innan alle fagfelt.
Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, jordmødre, reinhaldarar, kjøkenpersonale og teknisk personale.

Sjå ledige stillingar i Helse Fonna.

Korleis søkje?
Klikk på lista over og finn stillinga du er interessert i. Du må registerere CV og søknad i programmet WebCruiter. Du finn lenka dit i kvar enkelt annonse. Treng du hjelp undervegs, kan du lese denne rettleiinga

Kva tid er fristen?
Datoen varierer noko. I hovudsak er fristene 1. mars, 20. mars og 27. mars. Sjå den enkelte annonse for å vere sikker.

Velkomen som søkjar!

Allereie tilsett som vikar eller fast medarbeidar?
Her får du som er nytilsett informasjon om arbeidsvilkår og retningsliner.



Glimt frå kvardagen i Helse Fonna.
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest