Designelement
 

Anna, ambulansearbeidar 

 
– Ingen dag er lik i denne jobben. Ein kan aldri vite kva som skjer og kva vi blir kalla ut til.
 
Når vi kjem til plassen må vi ta oss av pasienten - gi førstehjelp, medisinar og behandling. I tillegg er det ofte pårørande på staden, og ein må ta seg av dei òg.

Ein må like å jobbe med menneske. Og å jobbe i team - vi er alltid to som jobber i lag og som dobbeltsjekker det den andre gjer, til dømes når vi gir medisinar. Det er ein veldig sosial jobb, så ein må kunne tilpasse seg andre. Når ein går vakt er vi fire stykker som går oppi kvarandre i eit døgn.

Vennene mine spør ofte om korleis jobben er, og om det er skummelt å køyre fort. Som ambulansearbeidar må ein ta «utrykkingslappen». I begynnelsen er det ganske rart å bryte trafikkreglande, køyre i feil køyrefelt og slik. Men det blir ein vane og eg plar ikkje vere redd når vi køyrer no. Ein må halde seg i fysisk form viss ein skal vere ambulansearbeidar. Treninga er særleg viktig for ryggen, då det er mange tunge løft i dette yrket. Nokon blir skremd av det fysiske kravet i utdanninga - men viss dei vil, får dei det til.

 Eg vil vite meir!

Har du lyst til å lese meir om yrket som ambulansearbeidar og korleis du kan bli det? Sjå sidene til utdanning.no.

Har du spørsmål du ikkje fekk stilt på utdanningsmessa? Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt med vår HR-avdeling. Dei jobber med rekruttering av personell til Helse Fonna, og kan svare på det meste. Send dei ein e-post på stilling@helse-fonna.no.

Publisert 15.11.2010 15:32 | Endret 16.11.2010 15:11 
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest