– Noko av det beste med å vere sjukepleiar er variasjonen. Eg kan jobbe mange ulike stader og med ulike typar pasientar, men òg variasjonen i kvardagen.
I dag jobbar eg i akuttmottaket på Haugesund sjukehus. Eg trivs veldig godt her. Ein viktig grunn til det er arbeidsmiljøet. Kollegane tar vare på kvarandre og spør ofte korleis det går. Fagleg trivs eg fordi det er spennande å hjelpe menneske på mest mogleg måte å fungere normalt att.
Her i mottaket ønskjer eg pasientane velkomen når dei blir lagt inn og gjer ulike undersøkingar: Bestiller blodprøve, sjekkar puls og temperatur og utfører EKG/hjartediagram. Dersom pasienten treng intravenøs væske eller medisinar, legg vi inn perifer venekanyle (ein tynn slange som blir lagt inn i ei blodåre).
Eg blei interessert i sjukepleie då eg var i saniteten i Forsvaret. Eg fekk gode førebilde der som gjorde at eg valte sjukepleiaryrket. I Forsvaret var livreddande førstehjelp i fokus innan sanitet, og den interessa har eg tatt med meg vidare.
Publisert
15.11.2010 15:30 |
Endret
17.11.2010 08:58