Designelement
 

Velferdsordningar 

Helse Fonna har lokale velferdslag på kvart sjukehus i tillegg til eit overordna lag for heile helseføretaket.

Det overordna laget er sett saman av leiarane frå dei lokale velferdslaga. Hovudoppgåva er å fordele velferdsmidlar til dei lokale laga. I tillegg skal det arrangere minst eitt felles arrangement i året.

Dei lokale laga har idrettslag, arrangerar turar og aktivitetar, tilbyr rabatterte billettar til kino og symjehall osb. Bedriftsidrettslaget i Haugesund organiserer fleire idrettar som badminton, løping, orientering, håndball, volleyball, innebandy, fotball, aerobic og yoga.

Andre goder i velferdslaga er utlån av hytter, kunstforeining og gode bedriftsavtalar med sykkelbutikkar, treningssenter og velværesenter.

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest