Designelement
 

Arbeidsplass for store magar 

 
Tilrettelegging og god dialog med leiar Svanaug Løkling gjorde at Marie Kristine Kolstø ikkje var éin dag vekke frå jobb i sitt andre svangerskap.
Av Stina Steingildra og Eirik Dankel (foto), Helse Fonna
 

Svanaug Løkling og Marie Kolstø. (Foto: Eirik Dankel) – Det er sikkert mange som gruar seg for å fortelje sjefen om graviditeten sin fordi dei ikkje vil vere til bry. Slik er det ikkje her, seier
Marie Kristine.

Sidan 2006 har ho jobba som sjukepleiar ved akuttmottaket i Haugesund. I løpet av desse åra har ho hatt to svangerskap, og tilrettelegging av arbeidsplassen har vore viktig for henne begge gongene. Ho meiner god og tidleg dialog med leiaren sin er det viktigaste for å få til velfungerande ordningar.

– Hos oss opplever eg at alle har ei positiv innstilling til tilrettelegging i svangerskapet. Det gjeld både Svanaug og dei andre som jobbar her. Vi stiller opp for kvarandre. Ein gong er det eg som treng tilrettelegging, ein annan gong er det kollegaen min.

God dialog
Vi har alle høyrt det sagt: Å vere gravid er ikkje ein sjukdom. Likevel, svangerskapsrelaterte plager kan vere årsak til sjukefråver. Med god tilrettelegging på arbeidsplassen kan arbeidsgivar og arbeidstakar saman hindre at svangerskapsrelaterte plager oppstår.

Svanaug Løkling har god erfaring med å leggje til rette for sine tilsette. I fjor hadde ho åtte gravide medarbeidarar og sju av dei hadde behov for dette. Hennar filosofi er at tilrettelegging er arbeidsgivar sitt ansvar og at den tilsette sjølv skal sleppe å be om det.

– For å få til eit godt samarbeid er det viktig at medarbeidaren gir beskjed så tidleg som mogeleg. Då kan vi planlegge godt saman.

Motivasjon
Til sjuande og sist handlar god tilrettelegging om motivasjon, trur Svanaug og Marie.

– Leiaren må vere positivt innstilt og motivert for å leggje til rette for medarbeidaren sin, og den gravide sjølv må ha eit oppriktig ønske om å stå lengst mogeleg i jobb.

For Marie har det aldri stått på motivasjonen.

– Eg har eit meiningsfylt arbeid og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Jobben er viktig for meg.

Intervjuet med Marie og Svanaug blei gjort på Marie sin siste dag på jobb før ho gjekk ut i permisjon. Mindre enn tre veker seinare kom vesle Benjamin til verda.

Små grep, store resultat

Dei tiltaka gravide sjølv opplyser er viktige for å stå i arbeid, er relativt enkle å få til. Her er lista over dei 12 tiltaka flest gravide meiner er nødvendige i sine jobbar:

  • Færre tunge løft
  • Mindre slitsamt arbeid
  • Kortare arbeidstid
  • Fleire pausar
  • Betre moglegheit til å sitte ned
  • Mindre arbeidsmengd
  • Meir fleksibel arbeidstid
  • Fritak frå farlege stoff
  • Mindre kvelds- og nattarbeid
  • Mindre overtid
  • Fritak røntgen/radioaktivitet
  • Omplassering til anna arbeid

Det er ofte ikkje mykje som skal til: Ein kvilebenk eller ergonomisk tilpassing av stol og skrivebord. Fritak frå enkelte arbeidsoppgåver eller ein avtale om å få komme litt seinare eller gå litt tidlegare. Moglegheit for å gå dagvakt i staden for nattevakt.

For nokon kan det vere meir omfattande tiltak som skal til, som omplassering til ei anna avdeling eller annan funksjon i svangerskapet.

Anne-Marie Eggerud er bedriftslege i bedriftshelsetenesta og arbeider mellom anna med tilrettelegging. Ho oppmodar leiarar til å ta kontakt med bedriftshelsetenesta tidleg i prosessen.

– Eit initiativ frå leiaren for å halde medarbeidaren i arbeid lengst mogeleg er eit positivt signal til medarbeidaren om at ho er ønska. Det gir ei verdifull kjensle av å bli sett, seier Anne-Marie.

Kjelder: nav.no og FAFO-rapport 413 Gravid og i jobb

Vil du lære meir om tilrettelegging og få gode tips?
Sjå www.idebanken.org/gravid


Publisert 06.12.2011 14:13 | Endret 06.12.2011 15:43 

 Helse på 3/2011

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest