Designelement
 

Felles EPJ: Vil hjelpe deg 

 
– Vårt mål er at kvar og éin skal kjenne seg tryggare på DIPS. Vi trur det gjer arbeidsdagen enklare og frigir meir tid til pasientane.
Av Stina Steingildra og Eirik Dankel (foto), Helse Fonna
 

Torstein Dankel Stavenjord og Evy Leivestad frå delprosjekt Optimalisering i Felles EPJ. (Foto: Eirik Dankel)

Torstein Dankel Stavenjord og Evy Leivestad frå delprosjekt Optimalisering i Felles EPJ.


Det seier sjukepleiar og leiar for delprosjekt Optimalisering, Torstein Stavenjord. Med seg i arbeidsgruppa har han mellom anna Evy Leivestad frå medisinsk kontorteneste. Jobben deira er å motivere og leggje til rette for betre bruk av vårt nye arbeidsverktøy.

I september kunne alle tilsette seie si meining om betringsområde i DIPS gjennom ei spørreundersøking. Torstein seier svara frå undersøkinga vil vere grunnlaget for deira arbeid vidare.

– Vårt arbeid skal ta utgangspunkt i det tilsette sjølv meiner er viktige betringsområde. Undersøkinga gjer òg at vi kan planlegge felles undervising i det som er utfordringar for mange.

Torstein og Evy håper alle medarbeidarar vil gjere seg kjent med rutinane for DIPS og ta dei i bruk.

– Søk informasjon og hjelp hos kvarandre. Kvar enkelt har eit ansvar for seg sjølv. Dersom kvar av oss tar det ansvaret, er vi på god veg til målet om ein betre arbeidskvardag og auka pasienttryggleik.

Bli betre kjent med delprosjekta i Fase 2

Optimalisering
Leiar: Torstein Stavenjord
Mål:

  • Sikre at rutinane frå fase 2 blir følgt
  • Tiltak for at brukarane skal kunne jobbe lettare i DIPS
  • Sikre at rett dokument blir sendt til rett mottakar og handtert korrekt, med særleg fokus på henvisningar

EDS/Behandlingsplan
Leiar: Turid G. Norheim
Mål:

  • Alle postar tar i bruk DIPS Behandlingsplan innan april 2012
  • Rettleiande behandlingsplanar for alle sentrale behandlingsforløp skal ligge føre
  • Behandlingsplan skal vere førsteval for utveksling av pasientinformasjon mellom pleiepersonell

EPJ - Skanning
Leiar: Lise Knapskog
Mål:

  • Innan utgangen av april 2012 skal ingen einingar lenger fylle på papir i papirjournal

Operasjonsplanlegging
Leiar: Torkel Viland
Mål:

  • Operasjonseiningane Stord, Odda og Haugesund skal erstatte SPISS(NAF-reg) og dagens Access-baserte operasjonsplanleggingssystem med DIPS Operasjonsplanleggingsmodul og -protokoll og DIPS Anestesi-registreringsmodul innan utgangen av februar 2012

Gevinstrealisering
Leiar: Bjørg Røstbø
Mål:

  • Identifisere og gjennomføre tiltak for at Felles EPJ Fonna skal nå dei mål som er sett

Integrasjonar
Mål:

  • Ta i bruk SMS-påminning til pasientar i enkelte einingar
  • Laboratoriesvar frå Unilab Helse Bergen skal mottakast i DIPS
  • Olympus-integrasjon for gastrolab

Talegjenkjenning

  • Helse Fonna skal følgje prosessen med utrulling av pilot i Helse Bergen og basert på dette starte planleggingsaktiviteter for korleis dette seinare kan rullast ut i Helse Fonna

Publisert 06.12.2011 12:45 | Endret 06.12.2011 15:42 

 Helse på 3/2011

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest