Ein litt vemodig dag blei til feiring av godt kollegaskap då Gunn Børve fekk utmerkinga Min gode kollega av Synnøve Engevik.
Av Stina Steingildra og Eirik Dankel (foto),
Helse Fonna
Gunn Børve (t.v.) tek over for Synnøve Engevik som leiar for laboratoriet i Odda. Synnøve ville heidre sin gode medarbeiar på sin siste arbeidsdag som leiar.
Det er siste arbeidsdag ved laboratoriet i Odda for Synnøve Engevik. Etter 32 år skal einingsleiaren vende nasen mot den gamle heimstaden Stord og den nye arbeidsplassen Stord sjukehus. Etterfølgjaren hennar blir Gunn Børve. Kva dag kunne vel eigne seg betre til å rose ein god kollega?
– Eg synest dette var ein god anledning til å vise Gunn kor mykje eg set pris på henne. Ho er alltid positiv og stiller opp når nokon ber om hjelp, seier Synnøve.
– Det er ei veldig kjekk utmerking å få, og så må eg jo seie at det er gjensidig. Eg kjem verkeleg til å sakne Synnøve og støtta ho har gitt meg i alle år, svarar Gunn.
Kake og kaffi er kome på bordet. Det er ei hyggeleg og litt trist markering av Synnøve sin siste dag på jobb, men dei to kollegaene har godt humør og latteren sit laust.
– Vi kan prate om alt mogeleg og er gode vener. Det gjer at vi kan støtte kvarandre når noko er vanskeleg, anten det gjeld jobb eller personlege ting. Også koser vi oss sjølvsagt innimellom. Eit godt arbeidsmiljø har ein når ein gler seg til å gå på jobb, seier Synnøve.
– Det at vi er eit lite miljø gjer oss kanskje meir samansveisa, legg Gunn til. – Samstundes har vi eit godt samarbeid med fagmiljøa våre i Helse Fonna, og særleg med blodbanken i Haugesund. Utvikling av fagmiljøet er noko eg vil satse på vidare.
– Ja, Gunn seier eg må halde kontakten og tipse om lure ting dei gjer på laboratoriet på Stord som kanskje kan ha overføringsverdi til Odda, seier Synnøve og smiler.
Den gamle sjefen har eit tips og to til etterfølgjaren sin:
– Gunn er eit ja-menneske. Når ho skal vere leiar må ho nok lære seg å vere litt tøff òg. På ein liten stad som dette blir skiljet mellom leiar og medarbeidar viska litt ut, og det kan vere utfordrande.
Synnøve si grunngjeving for nominasjonen
«Eg har verdas beste kollega og medarbeidar her på lab Odda. Ho er svært kunnskapsrik, har utruleg god hukommelse og er alltid like blid, roleg og omgjengeleg.
Ho er vår lokale ekspert på blodbank her i Odda. Me kan spørja om alt innan blodbank og ho svarar så godt ho kan. Me ringjer gjerne heim til ho og når ho har fri for å spørja, ho er like blid, og kan som regel gi oss eit svar. Aldri gir ho uttrykk for at det er dumme spørsmål.
Ho er pliktoppfyllande og grei å ha med å gjera. Ho heiter Gunn Børve. Me er ikkje alltid så flinke å gi ros til kvarandre, men Gunn fortener absolutt all den velleta ho får. Og så er ho ei flott nynorsk-jente! Ho er og ei god støtte til meg som sjef.»
Publisert
06.12.2011 14:04 |
Endret
06.12.2011 15:43