Sjølv om dei ikkje kan snakke, har tinga som er samla i etasjen øvst i den freda, kvite murbygningen på Valen mykje å fortelje. Veggane famnar hundre år med psykiatrihistorie – ei samling med minner etter kvardagane, behandlinga og livet til pasientane som var her. Nokon for ein kort periode, nokon så godt som heile livet.
Tinga i samlinga blei henta fram i lyset frå loft og kjellar på sjukehuset, men også frå folk i bygda i samband med hundreårsmarkeringa til Valen sjukehus i 2010. Framleis kjem det nye ting. Ei av eldsjelene bak museet er Reidar Handeland, driftsleiar på sjukehuset.
– Drifta ved sjukehuset har alltid vore ein del av sjølve Valen, seier han. – Eg hugsar framleis namnet på mange av pasientane som var her då eg vaks opp. Som om eg kjenner dei.
Sjølvforsynt
At sjukehuset blei lagt til Valen har fleire årsaker. Litt hendig for å få «gøymt bort» pasientane, trua på landleg ro og frisk luft i behandlinga og ikkje minst at det var praktisk. Sjukehuset er nemleg to gardar, og kunne dermed forsyne seg sjølv med kraft og mat med pasientane som gardsarbeidarar.
Aktivitet
Sjukehuset skapte liv og arbeidslaga herfrå var eit vanleg syn i bygda. Nettopp det å vere i aktivitet har vore sentralt i behandlinga på Valen gjennom historia. Mange av pasientane var dyktige handverkarar, reine kunstnarar, og nokre av tinga dei laga finn du her på museet, som tekstilar, treutskjeringar og fiolinar. Utanfor kan du sjå resultat av arbeidet dei la ned i form av murar, vegar og skogsbruk.
– Ein pasient var så ivrig i arbeidet at han fekk ein veg oppkalla etter seg. Det seier litt om korleis pasientane var ein del av samfunnet her, fortel Handeland.
Reidar Handeland er driftsleiar på Valen sjukehus og ei av eldsjelene bak samlinga.
Den mørke historia
Utstillinga viser også mørkare sider av psykiatrisk behandling som elektrosjokk og lobotomi. På hyller står apparata og i monter ligg reiskapen som truleg gir deg frysningar nedover ryggen, og på ei seng ligg stroppane klare.
– Frå 1949 og seks år fram fekk 350 pasientar utført lobotomi her. Om det virka er høgst uklårt, seier Handeland og viser dei blanke instrumenta som no har vore unytta sidan 1955.
Poetisk kjøkkenluke
Vi går gjennom gamle kontor med store tavler med namn på pasientar, forbi gamaldagse legekontor, sengepostar, aktivitetsrom med vevar og høvelbenkar, daglegstove med grammofon, orgel og eige apparat for å krølle håret, og så inn på kjøkenet. Ein av dei meir kjende pasientane på Valen var diktaren Olav H. Hauge. På kjøkenbenken kan du lese diktet som skal vere inspirert av ei luke som blei brukt til å levere ut mat.
Ei lukka verd
I ein liten gang utanfor baderomma heng det fleire klede og vesker og på golvet ligg ein open koffert.
– På laurdagskveldane kledde ein seg opp, seier Handeland og ser på ein dress som heng på ein kleshengar. – Og oppi her, han går bort til den opne kofferten på golvet, - ligg tinga til ein pasient: Sko, skjorter, slips, ein elektrisk barbermaskin. Det er litt artig med den barbermaskinen. Han som eigde den hadde vore her lenge, og så ein dag skulle han skrivast ut. «Då må eg nok legge att barbermaskinen», sa han. «Kvifor det?» undra personalet. «For heime har vi jo ikkje elektrisitet», sa mannen.
Han hadde då levd i det trygge huset på Valen i førti år, og verda – ho hadde gått vidare.
Dansk inspirasjon
Siste helg i september er gruppa bak museet på Valen på tur til København for å feire det dei har bygd opp. Sjølvsagt skal dei også ta seg ein tur på sjukehusmuseum.
– Vi vil gjerne gjere litt stas på dei som har vore med og bygd opp museet på Valen sjukehus, seier Reidar Handeland. – Dei som har brukt ettermiddagar og kveldar på å få det heile i stand. Samstundes kan det kanskjeinspirere til vidare arbeid?
Sct Hans i Roskilde
Eit av punkta på programmet for reisefølgjet på sju, er å besøke museet på Sct Hans-hospitalet.
– Danskane har drive med slike museum lenge. Samlinga i Roskilde er ganske stor, og er kjent i psykiatrisk samanheng. Visste du at Amalie Skram sine skildringar av psykiatrisk behandling på St Jørgen er etter modell av Sct Hans? seier Reidar. – Eg gler meg til å helse på dei.
Med på turen over Skagerrak er både sjukehustilsette og pensjonistar som har engasjert seg i samlinga på Valen. Bidrag til reisa har dei psykiatrihistorisk interesserte fått av Helse Fonna og Kvinnherad kommune.
Publisert
06.12.2011 12:56 |
Endret
06.12.2011 15:42