Designelement
 

Kosteleg: Lågkarbo – fantastisk eller farleg? 

 
Lågkarbo kan altså gi vekttap på same måte som lågkaloridiettar. Men det er ikkje bare talet på badevekta som bestemmer helsa vår.
Av Hild Mari Kristoffersen, Inger Helene Kvala og Eli Moksheim, Helse Fonna
 

«Lågkarbo» er eit omgrep for diettar med under 150 gram karbohydrat per dag. Av dei som tillet minst, finn vi såkalla lågkarbo-høgfeitt-diettar (LCHF). Her oppmodar ein om å pøse på med feitt i form av fløte, bacon og smør.

Fedon Lindberg representerer eit meir moderat alternativ. Han tilrår «langsame karbohydratar» som fullkornsprodukt, grønsaker og belgvekstar, i motsetnad til «raske karbohydratar» med mykje sukker. Fedon Lindbergs råd ligg nær opptil helsemyndigheitene sine tilrådingar.

Som slankemetode har lågkarbo vist seg omtrent like effektiv som tradisjonelle lågkaloridiettar. Vekttapet kan i starten vere noko høgare med lågkarbo, mykje fordi det gir større væsketap.

Eit så og seie karbohydratfritt kosthald over lengre tid lar seg vanskeleg kombinere med familieliv og sosialt samvere. Mange blir slappe eller får hovudverk. I verste fall kan ein utvikle mangelsjukdommar.

Lågkarbo inneber ofte mykje kjøtt og metta feitt. Forsking tyder på at høgt inntak av raudt kjøtt aukar kreftrisikoen. Metta feitt er knytt til hjartekarsjukdom. Hos nokon kan høgt proteininntak over tid føre til nyreskade. To nyare befolkingsstudiar viser samanheng mellom visse typar lågkarbokosthald og tidleg død.

Lågkarbo gir stabilt blodsukker og auka proteininntak, faktorar kjente for å forlenge kjensla av å vere mett. Dette kan du òg få til ved å:

  • styre unna sukker og andre «raske karbohydratar»
  • ete minst kvar fjerde time
  • bruke grønsaker til og mellom måltida
  • auke litt på inntak av protein og redusere på karbohydratar
  • supplere langsame karbohydratar med moderate mengder av umetta feitt frå matoljer, feit fisk, nøtter, avokado og majones
  • vere fysisk aktiv

Lågkarbo kan altså gi vekttap på same måte som lågkaloridiettar. Men det er ikkje bare talet på badevekta som bestemmer helsa vår.

Korleis eit strengt lågkarboregime påverkar kroppen over tid har vi enno for lite kunnskap om.

Den gylne middelveg er nok framleis å tilråde.

Helse Fonna sine tre kliniske ernæringsfysiologar; Hild Mari Kristoffersen, Inger Helene Kvala og Eli Moksheim vil i kvart nummer av Helse På fortelle om arbeidet dei gjer i spalta Kosteleg! Dei gir gode råd om kost og ernæring til pasientar – og tilsette.

Kjelder

Lavkarbo og dødelighet
http://www.helsedirektoratet.no/ernaering/fagnytt/kan_et_kosthold_med_lite_karbohydrater_og_mye_protein__ke_risikoen_for_tidlig_d_d__72660

De to studiene
1 Trichopoulou A, Psaltopoulou T, Orfanos P, Hsieh CC, Trichopoulos D. Low-carbohydrate-high-protein diet and long-term survival in a general population cohort. Eur J Clin Nutr. 2006 Nov 29; [Epub ahead of print]

2 Lagiou P, Sandin S, Weiderpass E, Lagiou A, Mucci L, Trichopoulos D, Adami HO. Low carbohydrate-high protein diet and mortality in a cohort of Swedish women. J Intern Med 2007;261:366-74.
 
Kjøtt og kreftrisiko
http://www.helsedirektoratet.no/portal/page?_pageid=134,67714&_dad=portal&_schema=PORTAL&_piref134_67727_134_67714_67714.artSectionId=252&_piref134_67727_134_67714_67714.articleId=820114


Publisert 06.12.2011 12:20 | Endret 04.01.2012 11:23 

 Helse på 3/2011

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest