Designelement
 

Vis kva du kan 

 
Din kompetanse er viktig for Helse Fonna. Registrerer du CV-en din i Kompetanseportalen før 24. november, er du med i trekninga av flotte premiar.
Av Stina Steingildra og Eirik Dankel (foto), Helse Fonna
 

Eddy Mikkelsen og Sissel Rasmussen vil at du skal registrere CVen din i Kompetanseportalen. (Foto: Eirik Dankel)

Det er viktig å synleggjere og dokumentere sin kompetanse, meiner Eddy Mikkelsen (t.v.) og Sissel Rasmussen i HR.

Du kan vinne flott allversjakke i GoreTex frå BaseCamp og karaffel og glas frå Hadeland. Alt du må gjere er å gå inn på FonnaNett og logge deg på Kompetanseportalen, der du kan registrere di utdanning og arbeidserfaring.

Kvifor skal eg registrere meg?
– I det moderne arbeidslivet er det viktig å synleggjere og dokumentere sin kompetanse. Det er ikkje lenger slik at alle har same jobb på same stad i 40 år. Fleire av oss tar vidare- og etterutdanning og søkjer eigenutvikling og nye utfordringar.

Det seier Sissel Rasmussen som er rådgivar i eining for organisasjon og kompetanse. Ho meiner ein oppdatert CV er eit godt hjelpemiddel for deg som tilsett og for leiaren din.

– Tilsette i Helse Fonna har ulik kompetanse som er viktig for føretaket. I Kompetanseportalen kan leiarar søkje opp folk med riktig kompetanse til særskilte prosjekt eller utfordringar.

Slik går du fram:

  1. Gå inn på FonnaNett
  2. Klikk på Tilsettesida i menyen til venstre
  3. Klikk på Kompetanseportalen frå menyen til venstre
  4. Logg på med brukarnamn og passord. Har du ikkje passord, kan du klikke Glemt passord/Nytt passord og få eit nytt sendt til din e-post
  5. Fyll ut skjema

Treng du hjelp? Sjå video og presentasjon av korleis du går fram på Tilsettesida. Det blir òg halde undervising ved Haugesund, Odda,
Stord og Valen. Oversikt over undervisinga finn du på Tilsettesida.

Lukke til!

Oppdatering: onkurransen er no avslutta.


Publisert 06.12.2011 12:27 | Endret 06.12.2011 15:42 

 Helse på 3/2011

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest