Designelement
 

Barn, med nyfødteining 


Under eining for barn finn du Barn sengeeining, Nyfødt sengeeining og Barnepoliklinikk.

Kontakt oss
Telefon 0 52 53
post@helse-fonna.no


Barn sengeeining
Barn sengeeining har 16 senger for barn i alderen 0-18 år, med medisinske og kirurgiske diagnosar. Eininga har 15,4 stillingsheimlar for sjukepleiarar og 2,0 stillingsheimlar for barne-og hjelpepleiarar.

Personalet er organisert i ulike faggrupper: Astma, gastro-/urologisk, nevrologisk, onko-/endokrinologisk og kirurgisk, øyre-, nsse-, hals og auge .

Hovudtyngda av innleggingane er akutt hjelp, men vi har òg daglege selektive innleggingar av medisinske, kirurgiske og øyre, nase, hals-, og augepasientar. 

I tillegg driv vi dagpost i sengeeininga, dette omfattar medisinske og kirurgiske pasientar som skal inn til enklare undersøkingar/vurderingar, som ikkje krev innlegging.

Barnepoliklinikk
Barnepoliklinikk får tilvist  barn som skal til poliklinisk utgreiing og behandling. Pasientane blir fordelt etter kva faggruppe dei høyrer til i, og hastekategoriar blir prioritert.

Faggruppene ved poliklinikken er stort sett dei same som ved sengeeininga, med unntak av Kir., ØNH/AUGE som har eigne poliklinikkar.

Poliklinikken har 2,0 stillingsheimlar for sjukepleiarar, fordelt på 4 personar, og 0,5 stillingsheimlar for hjelpepleiarar. Sjukepleierane kombinerer turnusarbeid i sengeeining  med faste dagar på  polikl. eller LMS. Hjelpepleiaren har fast arbeidstid på poliklinikken.  Dette gjer eit godt utgangspunkt for å samarbeide om utgreiing, behandling og oppfølging av barn på tvers av sengeeining og poliklinikk.

Poliklinikken er i stadig vekst, og gjer tilbod på stadig nye område, både innan utgreiing, behandling og oppfølging.  Det kan nemnast diabetes, astma, allergi, enurese, encoprese, vekst og familiær hyperlipidemi. Oppfølginga føregår både individuelt og i grupper, og er tverrfaglege.

Barnepoliklinikken har og eit samarbeid med Læring- og meistringsenteret via Familieprosjektet.  Dette er eit ”lavterskeltilbod” (ikkje behov for tilvising) der det blir arrangert temakveldar for foreldre som har barn med kronisk sjukdom eller funksjonshemming.

Der er  0,9 stillingsheimlar for sjukepleiarar i prosjektet, fordelt på to personar. To av desse kombinerer prosjektarbeid med arbeid på barnepolikl. og sengeeining.

Nyfødteining
Nyfødt sengeeining omfattar ti sengeplassar for tidlegfødde og sjuke nyfødde barn.

Eininga tar imot for tidleg fødde barn frå veke 29, gir Cpap–behandling, men ikkje respiratorbehandling.

Behov for behandling og pleie varierer sterkt frå barn til barn; frå svært krevjande intensivpasientar til andre som nesten berre treng mat og stell. 

Dei minste pasientane kan ha ei liggetid opptil 3 månader.



Publisert 23.08.2010 10:17 | Endret 08.11.2011 15:12 

 Seminar 17.10.2011

Var du på seminaret ”Nasjonal retningslinje for gravide i LAR og oppfølging av familiene til barnet når skolealder”?

Last ned presentasjoner her

 Kontaktinformasjon

Poliklinikk
Telefon: 52 73 23 50

Seksjonsleiar, Barneseksjon
Eddy Y. Mikkelsen
Telefon: 52 73 23 45/901 12 697

Funksjonsleiar, Barn sengepost
Lise Wulfsberg
Telefon: 52 73 23 67

Funksjonsleiar, Nyfødt sengepost
Liv Marit Vedøy
Telefon: 52 73 23 70/52 73 23 71

Medisinsk fagleg ansvarleg
Andreas Andreassen
Telefon: 52 73 23 54

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest