Designelement
 

Bli blodgivar 

 
Blodgivarar reddar liv! Helse Fonna har alltid behov for fleire som vil gi blod.
 

Har du allereie bestemt deg, kan du gå rett til skjema for å melde deg som blodgivar, eller du kan ringe 908 81 111 og legge igjen namn og telefonnummer. Så vil Helse Fonna ta kontakt med deg.

Kven kan bli blodgivar?
Hovudregelen er at alle friske menneske mellom 18 og 60 år kan melde seg som blodgivar og gi blod til dei fyller 70 år. Når du kjem til Blodbanken for å registrere deg, tar vi blodprøvar av deg og gir deg informasjon om blodgiving. Du vil få ein time til den første blodgiving 6 til 8 veker fram i tid. Kvar gang du kjem til Blodbanken, så fyller du ut eit skjema for blodgivarar og leverer dette i skranken. Så blir du intervjua av ein bioingeniør, sjukepleiar eller lege. Vi målar òg hemoglobinmengda (blodprosenten) og blodtrykk.

Kor og kva tid kan du gi blod?
Du kan gi blod ved alle våre sjukehus, men blodbankane har ulike opningstider for blodgivarar. Det er òg mogleg å gi blod på vår givarstasjon i Sauda. Ta kontakt på telefon 52 73 22 81 for informasjon om opningstider.

Haugesund sjukehus:
Måndag-onsdag frå kl. 07.45 til kl. 14.15.
Torsdag frå kl. 07.45 til kl. 16.30.
Fredag frå kl. 07.45 til kl. 11.00
Det er andre opningstider i sommerferiane, jul og påske.  

Stord sjukehus:
Måndag-fredag frå kl. 08.00-14.00

Odda sjukehus:
Måndag-fredag frå kl. 08.00-14.30 eller etter avtale

Parkering
Haugesund sjukehus har reserverte parkeringsplassar for blodgivarar på austsida av sjukehuset, mot Karmsundgata.


Publisert 26.08.2010 11:18 | Endret 15.11.2010 14:43 

 Kontaktinformasjon

Blodbanken i Haugesund
Tlf: 52 73 22 81

Blodbanken på Stord
Tlf: 53 49 10 90

Blodbanken i Odda
Tlf: 53 65 11 23

Givarstasjon i Sauda
Tlf: 52 73 22 81
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest