Eininga består av blodbankar ved Haugesund sjukehus, Stord sjukehus og Odda sjukehus, samt ein tappestasjon for blodgivarar i Sauda. Totalt i Helse Fonna utfører vi om lag 5000 blodgivartappingar i året.
Immunologisk verksemd
Den immunologiske verksemda er lokalisert i Haugesund. Vi utfører om lag 65 000 immunologiske spesialanalysar i året.
Eininga har tilsett overlege i immunologi og transfusjonsmedisin, Tatjana Sundic.
I Haugesund har eininga totalt 19,25 stillingar. Ved Stord og Odda sjukehus har ein felles personalet med laboratorium for medisinsk biokjemi. Ved alle tre sjukehusa er det døgnkontinuerleg vakt.
Blodgivar informasjon
Helse Fonna er avhengig av alle dei blodgivarane som donerer blod til oss. Blodbanken treng alltid nye blodgivarar. Behovet for blodprodukt i pasientbehandlinga er stort. Dersom du lurer på om du kan vere blodgivar er du velkommen til å ta kontakt med blodbanken på det sjukehuset som er nærmast deg.
Publisert
24.08.2010 10:42 |
Endret
26.08.2010 13:43