Designelement
 

Akutt ambulant team 

 
Akutt ambulant team (AAT BUP) er eit tilbod for barn og unge som er i ein psykisk krisesituasjon kor personen, familien eller nettverket sine vanlege meistringsstrategiar ikkje strekk til, og som oppheld seg i opptaksområdet.
 

Dette kan vere personar med: Førstegangspsykose, psykotiske tilbakefall/forverringar, personar i akutt suicidal krise, personar i rusrelaterte psykiske kriser eller andre i akutt krise.

Kven kan ta kontakt?
Fastlege/legevakt: Kan ta telefonisk kontakt for diskusjon og ambulant konsultativ teneste. Om det blir aktuelt med klinisk vurdering må det føreligge skriftleg tilvising. (Skriftleg tilvising kan evt komme i etterkant.)

  • Politiet
  • Barnevernsleiar/vakt
  • Vaktsystemet ved Sjukehuset
  • AMK/ambulanse/somatisk akuttmottak

Akuttfunksjon
Om legevaktslege/politi/barnevernstenesta ber om bistand for vurdering, rykker behandlar i AAT BUP ut for å gi konsultativ bistand. For barn/unge under 18 år skal nettverket mobiliserast. Tilvisande lege i kommunehelsetenesta har ansvaret for pasienten òg under den konsultative bistanden, og er den som bestemmer kva han vil gjere med dei råda spesialisthelsetenesta kjem med.

Tilvisande lege er den som fører journal. AAT BUP fører den konsultative bistanden inn i vaktprotokollen.

Pasient og føresette kjem til poliklinikken for ei enkeltvurdering av behandlar på vakt i AAT BUP for vurdering av psykiske helsetilstand . Under enkeltvurderinga er pasienten AAT BUP sitt ansvar, og det blir ført journalnotat/ opprettea journal på ordinær måte, og utfylling av vaktprotokoll. Etter enkeltvurderinga i regi av AAT BUP blir pasientkontakten avslutta, og pasienten vil vere henvisande instans sitt ansvar. AAT BUP kan ha kortare behandlingsforløp ved kriseintervensjon.

Ved behov for ytterlegare oppfølging, legg ein til grunn gjeldande Prioriteringsforskrifter og inntaksrutiner, og pasienten blir då BUP Hgsd sitt ansvar (pas. blir tatt imot for vidare utreiing-/behandling).

Om behov for innlegging/ medikasjon, kontaktar behandlar ved AAT BUP for-/ bakvaktslege på vakt. I henhold til forskrift om barn på sjukehus, skal barnet sitt nettverk følgje med innlegginga.

Konsultativ teneste, òg per telefon
AAT BUP gir òg konsultativ bistand/vurdering i ordinær arbeidstid til dei ulike instanser i 1. lina.
I tillegg kan foreldre/føresette henvende seg direkte på telefon på dagtid.
Her gjeld dei same ansvarsforholdi som for akutt/Øh-funksjon. AAT BUP fører vaktprotokoll .

Organisering
AAT BUP er ei 7-delt vaktordning, forankra ved BUP Hgsd og er lokalisert i deira lokale. AAT BUP vil vere tilgjengeleg for tilvisarar i BUP Hgsd sitt opptaksområde.

AAT BUP er 1. ledd i ei 3-delt vaktordning ved BUP Hgsd (AAT BUP-forvaktslegar-bakvaktslegar)

AAT BUP består av spesialistar (Psyk.spes./ klin.sos./ klin.ped.) som er tilgjengelege 24 timar i døgnet. I normal arbeidstid inngår vakt i AAT BUP som ordinært arbeid, døgntenesta som passiv beredskap.


Publisert 23.08.2010 11:48 | Endret 23.08.2010 11:53 

 BUP Haugesund

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest