Opptaksområdet for BUP Haugesund er Sveio, Haugesund, Utsira, Karmøy, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Ein barne- og ungdomsbefolkning på om lag 27 000 innbyggjarar i alderen 0-18 år.
BUP Haugesund har eit stort, flott bygg på austsida av Karmsundgata ved Haugesund sjukehus. Vi er nærare hundre tilsette fordelt på Poliklinikk, Barnepsykiatrisk døgnpost og Ungdomspsykiatisk døgnpost.
I vårt arbeide er vi opptatt av å sjå barn og unge sine vanskar i eit utviklingsperspektiv, der kontekst, relasjon og familie er viktige faktorar.
Henvisning til BUP Haugesund skjer frå barn/ungdom med føresette i samarbeid med lege, PPT eller barnevern.
Meir om tilboda hos BUP Haugesund finn du i menyen til høgre.
Publisert
23.08.2010 11:20 |
Endret
25.08.2010 13:03