Ungdomspsykiatrisk post (UPP) er ein sengepost med seks plassar, for ungdom i alderen 13-18 år, busett på Haugalandet og i Sunnhordland.
UPP er ein del av Barne- og ungdomspsykiatrisk seksjon (BUP) ved Haugesund sjukehus. I tillegg til døgntilbodet for ungdom, gir BUP Haugesund poliklinisk og ambulant tilbod til barn, ungdom og deira familiar. Tilbod blir gitt individuelt og i grupper. UPP har både planlagde innleggingar og akutt hjelp funksjon.
Ungdomspsykiatrisk døgnpost gir eit tilbod til ungdom 12-18 år med:
- Psykoseproblematikk
- Alvorlege affektive forstyrringar
- Alvorleg personlegdomsforstyrring/ sjølvskading/ destruktiv atferd
- Alvorleg nevropsykiatriske tilstander
- Alvorlege spiseforstyrringar
- Suicidalitet
Fleire av desse tilstandane er i kombinasjon med rusproblematikk. Ein har og fleire utgreiingar på døgn for svært samannsette vanskar/diffrensialdiagnostisk utreiing. UPP har både akuttinnleggingar og elektive innleggingar for kortare og lengre tid, men blir ikkje definert som ein post for langtidsbehandling.
Kven vi er
På avdelinga møter du fagpersonar som har barn og ungdom med psykiske vanskar som sitt arbeidsfelt.
Ved innlegging vil du ha kontakt med
- Lege
- Psykolog
- Miljøterapeutar
Vi kan tilby
- Utgreing av vanskar
- Hjelp til å forstå vanskane
- Nokon å snakke med
- Skoletilbod ved Hollenderhaugen skole
- Støtte og rettleiing til ungdomen, føresatte og skolen under innlegging
- Oppfølging etter opphald, for eksempel i ungdomsgruppe og frå kontaktperson ved avdelinga
Mange har positive erfaringar etter eit opphald hos oss, og opplev at kvardagen blir lettare.
Vi har moglegheiter for ulike aktiviteter på huset
- Gymsal
- Hobbyrom
- Musikkrom
- Biljard
- Tv-spill
- Kjøkken
Publisert
23.08.2010 11:33 |
Endret
23.08.2010 11:48