Ungdomsposten ved BUP Stord og Kvinnherad har fire sengeplassar for ungdom i alderen 12-18 år. Vi er ein 5-døgnspost; open måndag til fredag, som gir tilbod om døgnbehandling, dagbehandling og oppfølging i heimar.
Ungdomsposten er ein del av barne- og ungdomspsykiatrisk seksjon ved BUP Stord, Stord Sjukehus. Vi har innleggingar basert på at ungdomane ønskjer å vere hos oss til eit behandlings- eller utgreiingsopphald. I helgene når ungdomane er ved sin eigen omsorgsbase er det ei vaktordning, betent av miljøterapeutar ved posten, som er tilgjengeleg om ein har spørsmål eller om noko akutt skulle oppstå.
Posten er bygd opp på prinsipp om eigen fri vilje, indviduell tilrettelegging, samarbeid og meistring. Dette utgjer våre kjerneområde som vi arbeider miljøterapeutisk med. Hos oss er det ungdomar som blir utgreid - eller får behandling for:
- Alvorlege angstproblem
- Depresjonar
- Bipolare tilstandar
- Psykosetilstandar
- Personlegdomsforstyrringar
- Sjølvskading / destruktiv åtferd
- Suicidalitet
- Utviklingsforstyrringar
- Spiseforstyrringar
- Nevropsykiatriske problemstillingar
Desse tilstandane nemd ovanfor kan vere i kombinasjon med rusproblematikk, eller fleire tilstandar kan opptre samstundes. I tilfelle kor det kan vere vanskeleg med å setja diagnosar, eller ein treng ein differensialdiagnostisk vurdering kan eit opphald ved Ungdomposten med døgnobservasjon, vere det som skal til for å få ei god vurdering av dette. Vi har derfor eit godt samarbeid med poliklinkken og deira behandlarar med tanke på at vi kan utfylle kvarandre til beste for ungdomar og deira familiar.
Det er vanleg at ungdomar er innlagt hos oss i 3-4 veker. Og i løpet av den tida kan ein nytte seg av Furuly skule, som er vårt undervisningstilbod ved sjukehuset.
På posten treff du miljøterapeutar som har ulik fagbakgrunn, til dømes barnevernspedagogar, førskulelærarar, spesialsjukepleiarar og sjukepleiarar.
Som behandlarar treff du psykiater og psykologspesialist. Vi vektlegg at vi skal bli kjent med kvarandre før innlegging i posten, slik at ein har god kjennskap til kva ein skal, kven ein skal vere med og kva som skal skje medan ein er på ungdomsposten.
Vi kan hjelpe ungdomar og deira familiar med:
- Utgreiing av ulike vanskar
- Hjelp til å forstå vanskar både for ungdomen, familien og andre samarbeidspartnarar.
- Nokon å snakka med
- Rettleiing og undervisning ved ulike tilstandar til ungdom, føresette, grupper, samarbeidspartnarar og andre.
- Oppfølging i etterkant av innlegging av ein av dei tilsette ved posten, om dette er ønskeleg og til hjelp.
Ungdomsposten er ein aktiv post, der vi tilrettelegg for mange ulike aktivitetar. Inne på huset har vi moglegheit for å utfolde oss i gymsal, drive med ulike hobbyaktivitetar og spel.
Vi har ein fast utedag i veka, og då kan vi til dømes ha ulike opplegg i nærområdet vårt. Vi har eigen lavvo i skogen, som vi nyttar til ulike prosjekt og aktivitetar. Elles nyttar vi tilbodet som vi finn på Stord, og i vårt nærområde.
Dette kan til dømes vera:
- Kinobesøk
- Symjehall
- Bowling
- Turområde
- Kanopadling
Vi tilrettelegg for at du kan drive med dine eigne hobbyar når du er på posten, og kanskje ungdomane kan lære oss noko nytt?
Vi opplev at ungdomar tykkjer at dei får hjelp ved å vere hos oss, og ser tilbake på opphaldet sitt ved Ungdomsposten som noko positivt og lærerikt.
Publisert
23.08.2010 12:09 |
Endret
23.08.2010 12:13