Designelement
 

Akutt ambulant team (AAT) 

 
AAT er ein viktig del av akutt-behandlingskjeda for pasientar med psykiske lidingar.
 

Organisering og føremål
AAT er forankra i Haugaland DPS og vil vere tilgjengeleg for tilvisarar i Haugaland DPS sitt opptaksområde.

Teamet er bemanna av legar og psykologar. Personalet har døgneteneste eitt døger om gongen, frå kl. 8.00 til kl. 8.00. Døgntenesta er organisert som passiv beredskap. Ved utrykking er det ofte to fagpersonar (lege og psykolog) i teamet, avhengig av behov.

Avgrensingar
AAT er ein viktig del av akutt-behandlingskjeda for pasientar med psykiske lidingar. Ein legg opp til eit nært samarbeid med vaktsystemet som dekker både Haugaland DPS og Haugesund sjukehus. Det vil vere sjukdomsintensiteten hos pasientane som avgjer om dei får tilbod ved DPS eller akuttposten ved sjukehuset. Ved tilstandar der tilvisande instans vurderer at pasienten har behov for akutt medisinering eller innlegging i akuttpost, skal ein nytte deira vaktsystem.

Akutt ambulant team ønskjer å vere tilgjengeleg utover ordinært vaktsystem for å kunne vurdere og behandle tilstandar i tidlege fasar av sjukdommen, og såleis demme opp for meir akutte situasjonar.

Innhald og ansvarstilhøve
AAT har tre hovudfunksjonar:

  1. Poliklinisk vurdering: Pasienten kjem då til poliklinikken for ei einskildvurdering av behandlar på vakt i AAT. Dersom pasienten av AAT blir vurdert til å ha behov for opphald ved Haugaland DPS, kan vedkomande takast inn til eit kriseopphald på inntil 3 døgn. Om vedkomande treng eit lengre opphald, blir dette vurdert av inntaksteamet.
  2. Ambulerande konsultativ teneste: AAT rykker ut for å gi konsultativ bistand til lege/psykiatritenesta i kommunen.
  3. Konsultativ teneste per telefon.

Kven kan tilvise?

  • Fastlege/legevakt kan ta telefonisk kontakt for drøfting eller ambulant konsultativ
    bistand. Om det blir aktuelt med klinisk vurdering, må det ligge føre skriftleg tilvising. Denne kan komme i ettertid.
  • Psykiatritenesta i kommunane når det gjeld pasientar under tvunge psykisk helsevern etter § 3.1.2 i psykisk helsevern-lova.
  • Valdtektsmottaket.
  • Kriseteam i kommunane.
  • Vaktsystemet ved sjukehuset.
  • Behandlarar ved Haugaland og Karmøy DPS.

Publisert 23.08.2010 12:33 | Endret 12.07.2011 12:02 

 Kontaktinformasjon

Arne Andreas Døske (Foto: Eirik Dankel)

Leiar, akutt ambulant team

Arne Andreas Døske
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest