Miljøet er tilrettelagt for pasientar der det blir vurdert som terapeutisk viktig å vere i eit aktivt behandlingsmiljø.
Ved avdelinga har vi ei kognitiv atferdsterapeutisk behandlingstilnærming. I vekedagane deltar pasientane i grupper og undervisning. Vi har fokus på meistring, kunnskap om eigen sjukdom og symptom gjennom samspel mellom miljøterapeuter og medpasientar.
Målgruppa er personar med personlegdomslidingar, stemningslidingar, angsproblematikk og spiseforstyrringar.
Behandstilbod:
- Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
- Medikamentell vurdering og behandling
- Individuell samtaleterapi
- Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og pasientansvarleg sjukepleiar/miljøterapeut
- Spesialistvurdering
- Miljøterapi
- Miljøterapeutiske grupper:
- meistrings- og problemløysningsgruppe
- uttrykk i ord og bilder
- kreativitetsgruppe
- fysisk aktivitetgruppe
- bevegelsesgruppe
- daglege morgonmøter
- samtaler med miljøterapeut
- Undervisning om depresjon, angstlidingar, medikasjon, grubling, søvn, fysisk aktivitet, ernæring og mindfulness
- Nettverksarbeid og bidrag til
individuell plan
- Fysioterapeutisk vurdering og behandling
- Pårørandearbeid individuelt og i gruppe, med spesielt fokus på barn (Barne- og familieprogrammet)
Publisert
11.07.2011 14:56 |
Endret
12.07.2011 12:03