Poliklinikken vurderer og behandler personar med allmennpsykiatriske lidingar. Opningstidene er måndag-fredag 8.00-15.30.
Mål med behandlinga:
- Tidleg identifisering, diagnostisering og behandling
- Lett tilgjengelege behandlingstilbod, slik at ein førebyggjer utvikling av meir alvorlege psykiatriske tilstandar og unngår akutte og unødvendige opphald
- Symptombetring og handtering av sosialt stress
- Pasienten oppnår auka eigeninnsikt og sjukdomsinnsikt
- Styrka sjølvbilde med auka evne til meistring og evne til å ta ansvar for eige liv.
Målgruppe
Poliklinikken vurderer og behandler menneske med allmennpsykiatriske lidingar. Dette kan vere angstlidingar, kriser, depresjonar, posttraumatisk syndrom, personlegdoms- og spiseforstyrringar, eller ein kombinasjon av desse.
Behandlarar:
I staben er psykiater, legar i spesialisering, psykologspesialistar, psykologar, psykiatriske sjukepleiarar, klinisk sosionom og fysioterapeut. Alle desse tar imot pasientar til vurdering.
Etter innleiande vurderingssamtale blir pasientane tverrfagleg drøfta og vidareført til det som vi saman med pasienten vurderer som best eigna behandling.
Behandlingstilbod:
- Kartlegging og diagnostisering
- Medikamentell behandling
- Individuell korttids og langtidspsykoterapi; interpersonleg prega og kognitive terapiformer
- Gruppeterapi
- Nettverksarbeid og bidrag til
individuell plan
- Kriseintervensjon
- Familie og parsamtalar
- Pårørandearbeid individuelt og i gruppe, inkludert barn (Barne- og familieprogrammet)
- Rettleiing og undervisning til 1. linetenesta og internt i DPS-et.
Publisert
11.07.2011 15:13 |
Endret
28.10.2011 11:06