Designelement
 

Merkantil eining Karmøy- og Haugaland DPS 

 
Merkantil eining består av 10,5 stillingar fordelt på helsesekretærar, sekretærar og konsulentar, inkludert er også ein kontorleiar. Vi er fordelt på to stader i Helse Fonna, Karmøy DPS og Haugaland DPS.
 

Arbeidsoppgåver
Sentralbordbetjening er ei av våre viktigaste oppgåver, og her er vi klinikkens ansikt ut.

Vi har felles skriveteneste på tvers av einingane uavhengig av geografisk plassering. Dette inneberer ofte store utfordringar, men også meir variasjon i arbeidet.

Vi har fortløpande kontroller med at daglege gjeremål blir utført i vårt elektroniske journalsystem, og vi innehar ein støttefunksjon i forhold til oppgåver som skal utførast i avdelingane.

I tillegg kvalitetssikrar vi at data som skal vidarerapporterast blir riktig registrert i vårt elektroniske pasientdatasystem DIPS.

Vi har også ansvar for riktig registrering og skanning av tilvisingar, og at desse blir vidaresendt til aktuell behandlar for vurdering.

All pasientrelatert korrespondanse blir handtert av merkantilt personell.

Tilkalling av ekstravaktar og turnusarbeid er også ein av dei merkantile oppgåvene.

Mål
Vår hovudmål er å vere mest mulig serviceinnstilt overfor både publikum og tilsette i Helse Fonna.

Vi legg vekt på å ha eit triveleg arbeidsmiljø med allsidige oppgåver slik at arbeidsdagen vår blir variert og meiningsfull.


Publisert 01.12.2011 09:53 | Endret 01.12.2011 10:05 

 Kontaktinformasjon

Mette Eriksen (Foto: Eirik Dankel)

Kontorleiar
Mette Eriksen
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest