Designelement
 

Karmøy DPS 


Karmøy distriktspsykiatriske senter (DPS) utgjer saman med Haugaland DPS eit moderne lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne over 18 år.

Kontakt oss
Telefon 52 73 43 00
post@helse-fonna.no


Behandlingstilbod
Våre hovudoppgåver er utgreiing, diagnostisering, behandling og rehabilitering av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem.

I tillegg samarbeider vi nært med kommunane, gjev råd og rettleiing til aktuelle samarbeidspartnarar, yter polikliniske og ambulerande tenester på spesialistnivå, samt tilbyr både korttidsopphald ved kriser, og lengre opphald for behandling og rehabilitering. Vi har eit særleg fokus på barn av psykisk sjuke.

Karmøy DPS (Foto: Arthur Haraldseid) Avdelingar
Tverrfagleg spesialisert behandling av rusproblematikk - døgnavdeling og poliklinikk.
Psykoseavdeling med sju senger.
Felles allmenpsykiatrisk poliklinikk  og psykoseteam med Haugaland DPS.

Mål for behandlinga
Etter eit døgnopphald ved Karmøy DPS, skal pasienten totalt sett få styrka sin livskvalitet, og oppleve betring på følgjande område:

  • Symptombetring og reduksjon av sosialt stress
  • Auka eigeninnsikt og sjukdomsinnsikt
  • Styrka sjølvbilde med auka evne til meistring og evne til å ta ansvar for eige liv
  • Betre sosial, samfunnsmessig, kulturell, yrkes- og sysselsettingsmessig fungering.

I den forbinding vert familieperspektivet vektlagt, med særleg fokus på barn av psykisk sjuke foreldre via Familie-og barneprogrammet.

Sjå også Kunnskapsbasert flerfamiliegruppe ved psykosesjukdom/schizofreni.

Individuell plan er også noko som skal prioriterast når pasientane har langvarige og samansatte behov.


 Informasjon til pasientar og pårlørande


Publisert 25.08.2010 12:05 | Endret 05.04.2013 09:56 

 Kontaktinformasjon

Arne Andreas Døske (Foto: Eirik Dankel)

Seksjonsleiar
Arne Andreas Døske


Søknadar

Alle søknadar vedrørande behandling sendast via lege til:
Inntaksteamet ved Karmøy DPS
Pb. 224
4291 Kopervik

 Presentasjonar

 Kurskalender

Last ned intern kurskalender for Haugaland og Karmøy DPS

Kurskalender Haugaland DPS

Kurskalender Karmøy DPS
Informasjonstelefon psykisk helse

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: (+47) 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktør: Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest