Erfaringskonsulenten skal ha brukar- og/eller pårørandeerfaring, men skal også ha eit avklåra og distansert tilhøve til sine erfaringar.
Erfaringskonsulenten sine oppgåver er mellom anna å medvirke til at DPS-et inntar eit brukarperspektiv i behandlinga, gjennom deltaking i utviklinga av prosedyrer og handlingsplanar.
Vidare skal han gjennom samarbeid og dialog med fagfolk og leiarar ved dei ulike einingane, og styrke klinikken sitt fokus på brukarmedverknad.
Han vil også bidra med undervising av tilsette og pasientar, og skal i kraft av si stilling vere med og representere DPS sitt brukarfokus utad.
Stillinga som erfaringskonsulent er del av eit nybrotsarbeid, og her til lands er det per oktober 2011 registrert cirka 40 personar som har denne tittelen (eller liknande).
Publisert
19.12.2011 12:39 |
Endret
17.02.2012 12:04