Designelement
 

Ungdomsenheten KDPS 

 
Ungdomseininga gjev langtids behandlingstilbud til personer i aldersgruppa 17-23 (+) med rusproblematikk og samtidig psykiske liding.
 

Målgruppe
Institusjonen er ein del av psykiatrisk klinikk, Helse Fonna, men dekkjer Helse Vest sitt opptaksområde. Institusjonen har ni sengeplassar. 

Det vert vektlagt samarbeid med pårørande, nettverk og andre etatar utanfor institusjonen. 

Behandlingstilbod
Vi tilbyr heilheitleg og samansatt behandlingstilbod. Dette skal ivareta rusfritt levesett, fysisk og psykisk helse, sosiale ferdigheiter, trygt nettverk og meistring av kvardagen. Tilbudet er organisert som eit langtids døgntilbod (eittårig) der hovudvekt av behandlinga er miljøterapi. Kvar pasient har individuell behandlingsprosess samtidig som mesteparten av behandlinga føregår i fellesskap.

Tilvising sendast frå fastlege, NAV eller andre til ein ”vurderingseining”, i Helse Fonna eller Haugaland A-senter. Pasienten må samtykkje til at tilvisning vert sendt og vi gjev kun behandling på frivilleg basis.

Vurderingseininga gjev pasientrettigheiter, og søknad om institusjonsopphald sendast til Ungdomseininga. Her vurderer vi søknaden og gjev informasjon om behandlingstilbodet og eventuell dato for innlegging. Pasienten må vere ferdig med aktiv abstinensbehandling før innlegging her.

Ved innlegging
Pasienten må ha etablert kontakt med fastlege før innlegging. Vi treng kopi av resultat frå generell legeundersøking av nyare dato (maks. 3 månader), med ein detaljert oversikt for anbefalt medikasjon for pasienten, dersom det er aktuelt.


Publisert 11.07.2011 15:11 | Endret 25.04.2012 13:59 

 Kontaktinformasjon

Helle Leipart (Foto: Eirik Dankel)

Leiar ungdomsenheten
Helle Leipart

Jostein O. Waage (Foto: Eirik Dankel)

Overlege
Jostein Waage
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest