Fedme er ein helsemessig trussel som veks rakst i den vestlige verda spesielt. Verdas Internasjonale Helseorganisasjon (WHO) har definert overvekt i form av BMI ("body mass index") større enn 30 som sjukdom.
WHO meiner overvekt er eit av dei mest alvorlege helseproblema i dag, og ein finn solid vitenskapeleg dokumentasjon på at overvekt gir monaleg risiko for uføre og kortare levetid.
Ved Gastrokirurgisk seksjon, Kirurgisk klinikk, Haugesund sjukehus, starta vi i første halvdel av 2007 opp med operasjonar for sjukeleg overvekt. Dette er eit tilbod som blir gitt i samarbeid med det regionale senteret for sjukeleg overvekt i Førde.
Vi i Haugesund tilbyr ikkje heile spekteret av behandlingstilbod for sjukeleg overvekt, og pasientar som er kandidatar for livsstilsbehandling/ konservativ behandling vil fortsatt bli vurdert ved Regionsenteret i Førde.
I Haugesund tilbyr vi laparaskopisk gastric bypass som er ein annan metode enn den som blir nytta i Førde. Per i dag er dette den vanlegaste operasjonsmetoden i Norge.
Ut frå faglege/medisinske kriterier vurderer vi i samarbeid med Førde kven av pasientane som bør opererast med BPD/duodenal switch eller sleeve som er metodane som blir brukt i Førde og kven av pasientane som skal opererast hos oss med Laparaskopisk gastric bypass.
Publisert
23.08.2010 13:02 |
Endret
23.08.2010 13:05