Designelement
 

Årsaker til barnløyse 

 
Dei tre mest vanlege enkeltårsaker til ufrivilleg barnløyse er nedsatt sædkvalitet, skada eggleiarar og eggløysingssvikt.
 

Mannleg faktor
Nedsatt sædkvalitet reknar ein med å vere den direkte årsaka i ein tredel av tilfella, men kan i ytterlegare 20% vere ei medverkande årsak til ufrivilleg barnløyse.

Nedsatt sædkvalitet kan skyldast

  • Levesett (miljøfaktorer, røyking, alkohol, medikamenter)
  • Testikkelinfeksjon ved kusma eller alvorlege/kroniske sjukdommar
  • Tette sædleiarar
  • Medfødte sjukdommar, t.d. kromosomfeil
  • Utilstrekkeleg hormonproduksjon i hypofysen

Ved nedsatt sædkvalitet kan antibiotika, hormon, operasjon, og assistert befruktning (IVF) vere aktuelt. Ved svært nedsatt sædkvalitet (få eller ingen levande sædceller i prøven) vil ICSI, ICSI kombinert med MESA/TESE(biopsi) eller donorinseminasjon vere aktuelle behandlingstilbod.

Eggleiar faktor
Eggleiarar kan bli skada i samband med betennelse. Kvinna kan ha hatt ein eggleiarbetennelse forårsaka av t.d. Clamydia eller dei kan vere skada etter ein kraftig blindtarmbetennelse, særleg dersom blindtarmen sprekk.

I nokre tilfelle vil eggleiarane vere heilt tette, andre gonger er dei ikkje tette, men fungerer dårleg på grunn av skadd vev inne i tubene. I fall eggleiarane er tette vil dei nokre gonger fylle seg med væske, og dette anser ein som ugunsteg i høve til prøverørsbehandling. Vi vil derfor ofte tilrå fjerning av slike utvida eggleiarar om ein ikkje blir gravid på første forsøk. Den beste behandlinga ved skada eggleiarar er prøverørsbehandling.

Uforklarleg faktor
Hos mange par greier vi ikkje å fastslå nokon sikker årsak til kvifor dei ikkje lykkast med graviditet.

I alle høve kan det her vere fleire små faktorar som til saman vanskeleggjer graviditet, sjølv om vi ikkje greier å påvise nokon bestemt årsak. Denne gruppa pasientar har same sjanse til å lykkast som andre. Til dømes dei med eggleiarskade.

Hos nokre i denne gruppa viser det seg ved prøverørsforsøk at eggproduksjonen hos kvinna er nedsett og dette kan vere årsaka til uteblitt graviditet.

Endometriose
Endometriose er ein tilstand der celler som normalt berre finns i livmora og har satt seg fast på andre stader i kroppen. Som oftast vil slike celler lokalisere seg til eggstokkar, bak livmora eller på andre organ i bekkenet.

Desse cellene vil oppføre seg som celler i livmora, det vil sei at dei i høve til menstruasjonsperioden blør. Dette kan gje opphav til smertefulle menstruasjonar og etter kvart arrforandringar i vevet.

I eggstokkane vil det ofte føre med seg blodfylte cyster. Vi veit at aktiv endometriose reduserer sjansen for å oppnå graviditet på vanleg måte og reduserer sjansane ved prøverørsbehandling.

I fall vi kjenner til at det føreligg aktiv endometriose vil vi tilrå operasjon med brenning av dei områda som har endometriose eller medikamentell forbehandling for å fjerne menstruasjon og dermed fjerne blødninga ein periode før behandlinga.

Eggløysingsforstyrring
Mange pasientar som blir tilvist har manglande eller sjeldne eggløysingar. Mange av desse pasientane vil kome inn under ein diagnose som heiter polycystisk ovariesyndrom.

Dette er ein sekkediagnose der nokre pasientar har klassisk PCO med auka hårvekst i ansikt og på kropp, overvekt og typiske eggstokkforandringar på ultralydundersøking.

Andre gonger kan vi sjå sjeldan eller mangelfull eggløysing og hos pasientar uten spesiell hårvekst eller vektproblem. Desse pasientane har ofte vore til behandling hos eigen lege og fått anten tablettar eller hormoner i forkant for å få eggløysing.

I fall ein allikevel ikkje har blitt gravid på denne behandlinga vil det vere aktuelt å gjere prøverørsbehandling.

Denne gruppa pasientar har noko større risiko for overstimulering (det vil sei høgt antal egg med tilhøyrande magesmerter) i samband med behandlinga.

Overvekt er ein negativ faktor når det gjeld resultata etter prøverørsbehandling og dessutan negativt i forhold til svangerskap og fødsel. Det er derfor ein stor fordel om pasiantene er tilnærma normalvektige ved behandling. 

Andre årsaker
Ei rekke andre faktorer kan medverke, til dømes forhold ved livmorhalsen, andre sjukdommar som påverkar tilstanda osb. Stoffskiftesjukdommar vil minske sjansen til å lykkast med å bli gravid og må derfor vere regulert før ein eventuelt kjem til behandling.


Publisert 23.08.2010 13:14 | Endret 30.11.2011 10:26 
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest