Designelement
 

Behandling 

 
Med assistert befrukting meiner ein inseminasjon og befrukting utanfor kroppen. Ved Haugesund sjukehus tilbyr ein følgande behandlingsformer:
 

IVF - In vitro fertilisering

Med IVF meiner ein at befruktinga skjer utanfor kroppen, populært kalla prøverørsbefrukting. I utgangspunktet blei denne behandlinga utvikla for å hjelpe par der kvinna hadde tette eller øydelagte eggleiarar, men blir nå brukt som behandling for dei fleste former for barnløyse:

  1. Kvinner med tette eller øydelagde eggleiarar
  2. Uforklarleg barnløyse
  3. Endometriose
  4. Dårleg sædkvalitet
  5. Mislykka inseminasjon med mannen sin sæd
  6. Mislykka inseminasjon med donorsæd
  7. Når ein ikkje finn spermier i sædprøva, men det finns levande celler i testikkel/bitestikkel

Behandlinga består i at det etter ei hormonstimulering blir teke ut egg frå kvinna sine eggstokkar (OPU - egguthenting). Desse blir dyrka i laboratoriet i eit spesialmedium under nøye overvåking saman med mannen sine førehandspreparerte spermiar. Ved ei ordinær IVF-behandling finn sædcella sjølv vegen inn i egget. Ved mikroinseminasjon - ICSI - blir 1 sædcelle injisert i kvart egg. Neste dag blir egga flytta over i nytt medium og ein ser kor mange som er befrukta. Dag 2 (nokre ganger dag 3 eller 5) vel ein etter kriterier ut 1 eller 2 embryo for tilbakeføring i kvinna si livmor.

Hormonbehandling av kvinna

I ein normal menstruasjonssyklus modnast normalt berre eit egg. Hormonbehandling før prøverørbehandling skal resultere i at fleire egg modnast samstundes i begge eggstokkar. Behandlinga skjer med fleire ulike medikament:

  1. Synarela-nesespray (GnRH)
    legg hypofysen i dvale. På den måten får vi ei meir kontrollert stimulering.
  2. Puregon/Gonal-F/Menopur-injeksjoner (FSH)
    stimulerer folliklene (eggposene) til å vekse vidare.
  3. Ovitrelle-injeksjon (HCG)
    fullfører sjølve eggmodninga og stimulerer til eggløysing

Hormonbehandlinga kan hos somme gje plagar som t.d. hodudpine, kvalme og trøyttleik. I nokre få tilfelle kan eggstokkane bli overstimulert. Hos nokre kan det bli danna cyster som i dei fleste tilfella forsvinn av seg sjølve.

Behandlinga vil eventuelt avbrytast om:

  • Ultralydkontroll syner få eggposar (follikler) i modning
  • Ultralyd syner altfor mange eggposar (follikler) i modning
  • Kvinna/mannen blir sjuk med høg feber

14 dagar etter OPU tar ein ein graviditetstest for å sjå om ein er blitt gravid. Informasjon om dei ulike fasene i behandlinga og dei ulike behandlingstilboda finn de under eigne punkt.

Egguthenting = OPU (Oocytt pick up)

Ved egguthenting møter paret her hos oss til avtala tid. Kvinna kan ete ein lett frukost før ho kjem.

Egga vil bli henta ut ca. 36-38 timar etter at HCG-sprøyta er gitt. Egga blir henta ut ved at eggposane blir punktert med ei tynn nål gjennom skjeda (folikkelpunksjon). Innhaldet blir undersøkt i mikroskop for å sjå om folikkelvæska inneheld egg. Inngrepet kan sjåast på ultralydskjerm. Dette er eit lite inngrep og du vil få smertestillande og evt. avslappande middel. Du vil bli liggande ei lita stund til observasjon etter inngrepet, alt etter behov. Nokre vil føle seg slapp, trøtt og litt uvel utover dagen. Du kan ikkje kjøre bil sjølv og bør ha følgje heim.

Inngrepet tar om lag 20 minutt.

Menstruasjonsliknande smerter kan og henda etterpå. Litt blod i skjeda dei første dagane etter OPU skyldast innstikk i skjedeveggen og har inga betydning.

Sædprøve

Sædprøva blir tatt til avtalt tid same dag som egga blir henta ut. Den kan takast på avdelinga. Par som bur på hotell eller som bur så nær at dei kan få levert prøva maksimum ein time etter at den er tatt, kan ta prøva der dei bur. Ein bør ikkje ha hatt sædutløysing dei siste 2-3 dagane før egguthentinga.

Sædprøva blir analysert og preparert på laboratoriet for å få henta opp dei beste sædcellene til behandlinga.

Faktorar som påverkar sædprøva:

  • Feber
    Etter at mannen har hatt høg feber kan sædkvaliteten forringast vesentleg. Det kan ta opptil 2-3 månader før den opprinnelige kvaliteten gjenoppnås. Dette kan ha betydning for IVF-behandlinga Har mannen hatt høg feber innan 2 måneder før eit IVF-forsøk, bør sædkvaliteten kontrollerast , helst før kvinna startar hormonbehandlinga.

Eggdyrking

Antall egg ein finn ved egguthenting varierer mykje frå pasient til pasient. 5-10 egg pr punksjon er vanleg. Kvaliteten på egga betyr meir enn talet på egg. Egga som blir tatt ut blir lagt i skåler med dyrkingsmedium saman med ei bestemt mengd av mannen sine sædceller og blir lagt i varmeskap/inkubator i 2-5 dagar. Dagen etter OPU blir egga flytta over i nytt dyrkingsmedium og ein ser kor mange egg som er normalt befrukta. Dette kan ein sjå ved at arvestoffet frå far og mor er synlege som 2 separate kjerner. Egga blir dyrka vidare til neste dag og ein vel etter kriterier ut det eller dei to beste embryo for tilbakeføring. Delingshastigheit vil variere noko. Ved tilbakeføring dag 2 skal egga optimalt vere delt i fire. Vi set i i nokre tilfelle tilbake egg på dag 3 eller dag 5. Då bør egga vere 8-delt eller ha utvikla seg til blastocyst. Om det blir befrukta egg av god kvalitet til overs, kan ein fryse dei ned for tilbakeføring seinare.


ET - tilbakeføring av befrukta egg

Tilbakeføring av embryo (egg som er gått i deling), skjer som oftast etter to døgn. Det er ein enkel og smertefri prosedyre. Ein fører eit kateter opp i livmorhula og embryo blir då ført inn.

Du kan få sjukemelding i om lag 3 dagar i samband med egguthenting og tilbakesetting av egg. Etterbehandling, Crinone (progesteron) blir gitt for å stimulere slimhinna i livmora slik at fosteranlegget skal ha best mogleg sjanse til å feste seg og utviklast. Hos nokre vil ein desverre ikkje oppnå befrukting og vidare deling av egga. Det kan vere ulike årsaker til dette, og vi behandlar dette individuelt.

1 eller 2 befrukta egg tilbake?

Ulike metodar for å hjelpe par som slit med barnløyse har vore i bruk i Noreg nå i over 20 år. Det har vore mykje diskusjon om det er auka risiko for sjukdom hos barna ved desse metodane. Data som er komen ser betryggande ut, og det ser ut til å vere svært liten risiko, anten det blir gjort vanleg IVF eller IVF med mikroinseminasjon (ICSI). Det som imidlertid er heva over tvil er at det er større risiko i eit svangerskap der ein ber på to eller fleire foster framfor eitt. Svangerskapet er både meir komplisert og risikoen for å abortere eller føde for tidleg er sterkt auka. Med for tidlege fødslar veit vi og at det er ein risiko for at barna kan ta skade. Det er derfor eit klart ønskje frå både oss som arbeider med dette og frå barnelegar og andre at vi skal redusere talet på tvillingar som blir laga med desse metodane.

Dette har vi i Haugesund tatt konsekvensen av, og vi har i dei siste fire åra i aukande grad satt tilbake berre eit befrukta egg ved behandling. Til trass for dette har vi greid å oppretthalde gode resultat. Det siste året har vi lagt tilbake eit egg i halvparten av forsøka, og vi har redusert risikoen for tvillingsvangerskap, når ein først er blitt gravid, frå 30% til 9%.

Vi veit at mange par som har slitt i årevis for å bli gravide kan synast at det å få tvillingar er toppen! Det er det og for alle dei det går bra med, og det gjer det jo for dei fleste. Det er rett nok fleire av dei med tvillingar der det oppstår store komplikasjonar sammenlikna med dei som er gravid med eit barn. Vi vil derfor i tida framover forsøke å legge tilbake eit befrukta egg der vi meiner at paret har stor sjanse til å lykkast med graviditet. På denne måten vonar vi å få til like mange graviditeter, men færre tvillingar.

IVFD - In vitro fertilisering med donorsæd

Denne behandlingsforma blei godkjent i Noreg 1/1-2004

Metoden vil kunne hjelpe par der mannen ikkje har spermier og ein ikkje lykkast med donorinseminasjon. Dette kan skyldast at det i tillegg er faktorar hos kvinna som gjer ein graviditet med inseminasjon vanskeleg å oppnå.

Ein vil som ved inseminasjon velge ut donor etter høgd, hårfarge og augefarge. Spermiane vil bli tint og behandla på laboratoriet, og behandlinga føregår ellers som ei normal IVF-behandling.

ICSI

Kva er mikroinseminasjon/ICSI ?

ICSI står for Intra Cytoplasmatisk Spermie Injeksjon

Ved ei IVF-behandling vil ei sædcelle normalt greie å kjeme inn i egget på eiga hand. Om det er svært få sædceller, eller dei symjer dårleg, kan evna til å trenge inn i egget vere sterkt redusert eller ikkje til stades.

Mikroinseminasjon er ein teknikk der ein i samband med IVF-behandlinga injiserer ei enkelt sædcelle i kvart av dei modne egga som er tatt ut og klargjort. Sædcella blir under mikroskopisk rettleiing sugd opp i ein tynn pipette og blir deretter ført inn i egget.

 

Kven kan denne metoden hjelpe?

Denne behandlinga er eit tilbod til dei som har sterkt redusert sædkvalitet, anten det er for få sædceller eller dei symjer svært dårleg. Det er og ei aktuell behandling i dei tilfella kor befrukting ikkje skjer etter ordinær IVF-behandling til trass for eit tilstrekkelig tal sædceller. Det kan då vere forhold ved egget som vanskeliggjer befrukting.

PESA/TESE kombinert med ICSI

PESA = Percutaneous epididymal sperm aspiration
TESE = Testicular sperm extraction (biopsi)

Dette er ei behandlingsform som ein tidlegare måtte reise til utlandet for å få, men som det etter revisjon av bioteknologiloven nå er tillatt å gjere i Norge.

Hos nokre menn utan sædceller i spermaprøven, kan det vere levande celler lokalisert anten i bitestikkelen eller testikkelen. Ein kan i desse tilfella ta ut sædceller ved eit lite kirurgisk inngrep under lokalbedøving. Med ein tynn kanyle blir bitestikkel og/eller testikkel punktert, og sædceller kan etterpå bli isolerte anten frå væska eller frå vevet i testikkelen.

Inngrepet varer ca. 20 minuttar.

Det vil alltid bli gjort eit diagnostisk inngrep for å sjå om det finns sædceller før ei IVF-behandling kan planleggast.

Om vi finn sædceller etter PESA/TESE-inngrep, vil paret få tilbod om behandling. Det vil då bli planlagt eit forsøk på vanleg vis. Mannen kjem som oftast til uthenting av sædceller dagen før kvinna kjem til egguthenting. Om ein finn sædceller vil desse bli preparert og oppbevart til neste dag. Etter egguthenting vil det bli gjort mikroinseninasjon som forklart ovanfor.

I nokre tilfelle vil vi oppleve at det i samband med behandling ikkje finns sædceller, sjølv om tidlegare prøver har vist det motsatte. Om ein slik situasjon oppstår, kan det vere lurt å ha tenkt gjennom om de ønskjer at egga som er tatt ut skal befruktast med donorsæd eller om dei skal gå til grunne.

AIH - inseminasjon med partnar sin sæd

For nokre pasientar som har såkalla uforklarleg barnløyse og kor sædkvaliteten er normal, vil det vere aktuelt å gjere inseminering. Sædprøva blir analysert og preparert, og sædcellene blir blanda i 2 ml medium og blir sprøyta gjennom eit kateter opp i livmorhule og eggleiarar.

Ei slik behandling er noko enklare enn eit prøverørsforsøk fordi egga ikkje blir tatt ut av kroppen, men får vandre normalt ned gjennom eggleiarane til livmora. Dette gjer at du slipp med ei enklare hormonstimulering, i nokre tilfelle blir behandlinga gjort utan stimulering etter positiv eggløysingstest (LH-test). Det er heller ikkje naudsynt med sjukemelding etter behandling. I nokre tilfelle vil vi forsøke slik behandling etter tidlegare IVF-forsøk der det har vore deling av egga, men utan at kvinna blei gravid. I andre tilfelle vil det vere aktuelt å gjere 1-2 slike inseminasjonsforsøk før ein går over til prøverørsforsøk om inseminasjon ikkje lykkast.

AID - inseminasjon med donorsæd

Dersom ein ikkje finn sædceller i mannen si sædprøve kan ein gjere ein tilsvarande inseminasjon med donorsæd om paret ønskjer dette. Paret må da underteikne ei eiga erklæring før behandling kan settast i gong.

Par som er søkt til behandling vil bli kalla inn til samtale med lege/sjukepleiar.

Oppheving av anonymiteten

I følgje den reviderte bioteknologilova er anonymiteten til givaren vedtatt å opphøyre. Dette vil tre i kraft når det er etablert sædbankar i Noreg. Sædbankar er nå starta opp i Oslo og Haugesund, og vi kan gi behandling ved donorsted frå norsk givar frå våren 2005.

Barn født etter denne typen behandling kan få vite sædgivar sin identitet om dei veit at dei er født etter donorbehandling. Dette er kun barnet si rett og vil vere mogleg etter at barnet har fyllt 18 år. Foreldra kan ikkje få opplysningane, berre barnet.

Sædgivar får ikkje opplysningar om identiteten til paret eller barnet.

Sædgivar har ikkje nokon økonomiske eller juridiske forpliktingar overfor barnet.

Ektemannen/sambuaren, som gir sitt samtykke til at inseminasjonen blir utført på kona/sambueren, blir juridisk sett far til barnet.

Sædgivar kan ikkje dømmast til far.

Frysing, tining og tilbakeføring av tinte embryo (FER)

FRYS (Cryo) - Frysing av overskuddsembryo for tilbakeføring i seinare syklus. TIN og FER (Frozen embryo transfer)

Om det etter ei IVF-behandling er eit overskot av embryo som har god kvalitet, vil vi kunne tilby å fryse desse ned.

Frysing og tining av embryo har vore gjort siden 80-tallet, og tusenvis av barn er født etter tilbakeføring av tinte embryo rundt om i verda. Dette blir rekna som ei like trygg behandling som når ein får tilbake «ferske» embryo.

Ikke alle embryo vil tåle fryse- og tineprosessen, og erfaring syner at embryo av god kvalitet tåler dette mykje betre enn embryo av dårlegare kvalitet. Metodane er stadig under utvikling, og vi har som mål å auke antall tilbakesettingar med tinte embryo.

Ved opptining og tilbakesetting av tinte embryo må de begge gi dykkar samtykke til dette. Etter den nye lova kan frosne embryo nå oppbevarast i 5 år. Etter utløp av denne perioden vil ubrukte embryo bli destruert.

Sjansen for å bli gravid etter tilbakeføring av tinte embryo er litt mindre enn etter ei ordinær IVF/ICSI-behandling. Denne behandlinga føregår i ustimulert eller svakt stimulert syklus, og er derfor ei mindre belastning for paret, spesielt for kvinna. Sjansen for å bli gravid etter ei egguthenting aukar sjølvsagt når ein får tineforsøk i tillegg.

Hormonstimulering - lavdose

Hos pasientar med hormonforstyrringar er det ofte nok med hormonstimulering for å oppnå graviditet. Vi tar imot pasientar til lavdosestimulering etter henvising frå lege/gynekolog. Det er inga ventetid på slik behandling.

Behandlinga inneber å utvikle modne eggposar. Du vil kjeme hit til ei ultralydundersøking. Når egga er modne blir det satt ei eggløysingsprøyte, og de skal etter det ha samleie på eggløysingstidspunktet.

Behandlinga vil følgje eit skjema som de får utfylt frå avdelinga før oppstart.

 


Publisert 31.08.2010 11:46 | Endret 30.11.2011 10:26 
Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund | Telefon: 05253 | Org. nr.: 983 974 694 | Send e-post
Nettredaktørar: Stina T. Steingildra og Eirik Dankel | Send e-post
Ansvarleg redaktør: Margareth H. Langebro
Helse Fonna er ein del av Helse Vest